Tre av fire sparar regelmessig
– Å ha eit fast sparemønster er å anbefala, då sparing i skippertak lettare går i gløymeboka, seier Marianne Frønsdal.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Halvparten av dei som sparer fast seier dei sparer for å ha pengar i reserve. Deretter sparer me mest til feriereiser. Det kjem fram av ei undersøking gjennomført av Respons Analyse på oppdrag frå Sparebanken Vest. Undersøkinga viser at tre av fire sparer regelmessig.
– Det er positivt å sjå at såpass mange sparer regelmessig, og kvinner er noko flinkare enn menn. Å ha eit fast sparemønster er å anbefala, då sparing i skippertak lettare går i gløymeboka, seier forbrukarøkonom i Sparebanken Vest, Marianne Frønsdal.
Frønsdal seier at det er mange årsaker til at me sparer meir: Renta er låg, økonomien god og arbeidsløysa låg. Halvparten av dei som sparer svarar at dei gjer det for å ha reserve til «dårlegare tider».