Kvart år deler Statsbygg ut prisar til norske arkitekturstudentar. På NTNU vann Astri Margareta Dalseide og Thomas Aassved Hjort med prosjektet Protokoop.

mm
Faktaboks

Statsbygg sine studentprisar
Statsbygg deler kvart år ut studentpriser for framifrå arkitektur, landskapsarkitektur og interiørarkitektur ved utdanningsinstitusjonane Kunsthøgskulen i Oslo, Fakultet for arkitektur og billedkunst ved NTNU, Arkitektur- og designhøgskulen i Oslo, Institutt for landskapsplanlegging ved Universitet for miljø- og biovitskap, Bergen arkitekthøgskole og Kunsthøgskulen i Bergen.

LES FAKTALUKK FAKTA

– Astrid og Tomas har undersøkt moglegheitene som ligg i å byggja på vatnet som svar på samfunns- og miljøutfordringar me står overfor. Dei har teikna eit sjølvstendig minisamfunn, eit eige bumiljø med anlegg for energiforsyning, algedyrking og annan infrastruktur, seier prosjektleiar i Statsbygg Gisle Erlien i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Kreativ problemløysar

Flytande borettslag
Kvart år deler Statsbygg ut prisar til masterstudentar i arkitektur eller landskapsarkitektur ved dei store utdanningsinstitusjonane rundt om i landet. Prisane har som mål å stimulere til eksperimentelle og nyskapande arkitekturstudier blant framtidige generasjoner av arkitektar og vert delt ut til eitt eller fleire prosjekt på masternivå, som er særleg gjennomførte og i tråd med statlege føringar for miljøomsyn, materialval og universell utforming.

Astri Margareta Dalseide (26) frå Ål og Thomas Aassved Hjort frå Trondheim, har i si masteroppgåve teke tak i den norske hovudstaden sine utfordringar knytt til tilflytting. Dei støttar seg til tal som seier at dei neste 15-16 åra vil Oslo ha trong for rundt 100.000 nye bustadar til 195.000 nye tilflyttarar.

Løysinga deira, Protokoop, er ein flytande bygard med bustad til 300 mennesker. Eit slags mini-fellesskap som skal vere sjølvforsynte med straum og mat, i tillegg til å ha eige rensesystem for vatn og avløp.

LES OGSÅ: Laga framtidas skule

Realistisk utopi
Arkitektstudentane meiner prosjektet deira er fullt mogleg å gjennomføra.

– Det er ikkje ein utopi å kunna leva miljøvenleg og grønt på havet. Oppgåva vår er eit tankeeksperiment, men det er eit forsøk på å laga ein realistisk utopi, seier Dalseide til lokalavisa Hallingdølen.

Prosjektet er tilpassa dei lokale forholda i Oslo, men Dalseide fortel til Framtida.no at dei ser for seg at konseptet er overførbart til alle andre kystnære byar, utan at dei har gjort nokre konkrete analysar.

– Eit interessant konsept me har tenkt på er til dømes å binda saman fjordar, eller byar som ligg spreidd i skjergard eller havgapet.

Dalseide trekk fram økonomien som ei mogleg utfordring for prosjektet. I tillegg er det trong for grundige testar, målingar og berekningar, før ein eventuelt kunne sett det opp.

– Elles må ein jo òg ha ein diskusjon om kva det betyr at fjord eller hav plutselig skal kunne sjåast som ei byggjetomt, peikar Dalseide på.

– Styrken er at ein byggjer for framtidige utfordringar, og samtidig spelar på lag med dei byane som finnast, og kan fungere som eit vitalt tilskot til byen allereie idag. Protokoop kan opne sjøen som eit nytt område for folk, og kanskje skapa nye forbindelsar, forklarar masterstudenten.

Mykje pågangsmot
Juryen meinte at Protokoop skilte seg ut mellom dei fem nominerte NTNU-prosjekta.

I grunngjevinga heiter det at Protokoop presenterer nye, arealeffektive og bærekraftige løysingar for korleis me skal byggje og skaffe mat. I tillegg meiner juryen at konseptet faktisk er mogleg å gjennomføra. Arbeidet er prega av visjonar, vilje til å eksperimentera, stor fagleg breidde, høge ambisjonar og ein solid dose pågangsmot.  

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.52

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE