Rybak og Frikar toppa showet på Ål

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Det kjende feleriffet ljomar utover høgtalaranlegget i gågata på Sundre. Sol, eit lite publikumshav og ei scene med tre dansarar og ein musikar. Fem år har gått sidan Alexander Rybak og Frikar tok Europa med storm i Eurovision Song Contest i Moskva. No står dei endeleg på scena saman att. Høvet er Folkemusikkveka. Låten er «Fairytale». Stemninga er pulserande.

Kappleik-debutant
– Det kjennest veldig sjølvsagt at reunionen skulle skje i slike omgjevnader, seier Alexander Rybak.

Han står «backstage» i ein blomebutikk i gågata. Siste tone er spelt. Jubelen frå publikum har lagt seg. Dei ivrigaste tilhengjarane står i kø for å få helse på.

– Då me turnerte i lag, fortalde Frikar-karane mykje om kappleiklivet. Dette er min første kappleik, og det er kjempemoro å vere her, seier Rybak.

Han signerer armen til Emma Marie Storevik Hjelmsø. 7-åringen smiler breitt og får også ta bilete saman med musikaren.

– Eg er veldig takksam for at «Fairytale»-effekten held fram. Kvar gong folk spelar eit folkeinstrument eller dansar folkedans, så hjelper det på for å auke interessa hjå andre, seier Rybak.

– Overraskande moro
– Ja, dette var nesten litt overraskande moro, seier ein nøgd Sigbjørn Rua i Frikar etter «Fairytale»-framføringa.

Dansaren er varm og sliten. Ikkje berre har han stått på scena med Rybak, han har også tevla i lausdanskonkurransen. Rett nok vart det ingen siger. Den stakk Ådne G. Kolbjørnhus frå Valdres av med, i år som i fjor. I juniorklassa trekte Jon Bugge Mariussen frå Nesodden det lengste strået. Rua gir likevel tommelen opp for arrangementet og dagen så langt.

– Eg fekk nesten litt flashback til korleis dette var då me heldt på for fullt saman med Rybak. At me stod på scena saman no, er ei eingongsgreie, men det var veldig moro, seier han.

Jubileumsshow
Dagleg leiar i Folkemusikkveka, Ulf-Arne Johannessen, tykkjer det er stor stas at Rybak og dansarane har funne saman att ein siste gong på nettopp Folkemusikkveka. Han har sjølv trekt i trådane for å få det til å skje.

– Det var veldig gledeleg at dei ville stille, og ekstra kult at det blei på 5-årsjubileet til «Fairytale», seier han.

Les saka og sjå fleire bilete i Hallingdølen.