Opnar for å droppe K-en i KRLE

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

KrF opnar for å droppe K-en

I samarbeidsavtalen som Høgre og Framstegspartiet inngjekk med Venstre og Kristeleg Folkeparti i fjor haust, vart partia einige om at RLE-faget endrar namn til KRLE – Kristendom, religion, livssyn og etikk. Partia vart einige om at kravet om at faget, i tråd med kompetansemåla, skal innehalde minst 55 prosent kristendom, blir innført igjen.

LES OGSÅ: Biskop-nei til KRLE

– Namnet ikkje det viktigaste
For at kristendomsnamnet skal takast ut av fagnamnet, føreset altså Hareide at partiet får ein annen gevinst som er i slekt. I KrF-kretsar er det fleire som heller ønskjer seg gjennomslag for endringar i lærarutdanninga enn å behalde K-en, skriv Vårt Land.

– For KrF har to ting vore viktige. Det eine er føreseielegheit for ein sikker del kristendom i faget – at det ikkje varierer slik at kristendom nokre stader i landet berre utgjer ein tredel, seier Hareide til avisa.

– Det andre har vore å få RLE-faget inn i lærarutdanninga igjen. Namnet på faget har ikkje vore det viktigaste, og når eg snakkar om K-en har det først og fremst dreidd seg om innhaldet i faget og substansen i det, seier KrF-leiaren. (©NPK)

LES OGSÅ: KRLE tidlegast i 2015