– Me har funne ei heilt ny løysing

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Gerd» er namnet på den nye oppfinninga som studentane frå Høgskulen i Ålesund vonar skal spara heimehjelpen for ressursar, og revolusjonera kvardagen for eldre over heile landet – og rundt om i verda.

LES OGSÅ: Daudmannsknapp gav NM-siger

Gode Gerd
Bak produktideen står fem studentar ved Høgskulen i Ålesund og ei bestemor. 84 år gamle Gerd Gjelsten Skodje var nemleg den som gjorde barnebarnet Malene Skodje Røstad – produksjonsansvarleg i bedrifta – merksam på kor vanskeleg det er å ta på og av kompresjonsstømpene. Til dette trong 84-åringen heimehjelp fleire gongar om dagen.

– Gerd har vore heilt fantastisk. Ho stiller opp med meiningane sine og har vorte litt maskot for produktet i og med at folk er interessert i kvar namnet kjem frå, fortel Brianna Emilee Nærø, dagleg leiar i Ajuda.

I mars vart dei fem jentene i Ajuda SB kåra til beste Studentbedrift i Møre og Romsdal. 4. og 5. juni deltar dei på NM for Studentbedrifter på Næringslivets Hus i Oslo. 

LES OGSÅ: Livreddande refleksvott gav NM-gull

Hemmeleg deltaking
Denne bedrifta deltek i NM på ein litt spesiell måte – dei spelar ikkje med heilt opne kort. Ajuda har nemleg avtalt med arrangørane at dei ikkje skal vise produktet for publikum, men berre framfor ein jury som har skrive under på ein fortrulegheitsavtale. Grunnen til dette er at dei arbeider med å få patent på produktet.

 – Me oppmodar studentane til å beskytte ideane sine, om mogleg, skriv Wenche Wærner, kommunikasjonsansvarleg i Ungt Entrepenørskap i ein epost til Framtida.no.

– Me vonar å kunne drive vidare som AS etter at studentbedrifta er avvikla, fortel Nærø, som òg vonar at dei får forklart potensialet for produktet både nasjonalt og internasjonalt under NM.

Jentene, som alle er i ferd med å fullføra bachelorgrada si i Innovasjonsleiing og entrepenørskap, meiner nemleg at dei har ein heilt unik idé.

– Me har funne ei heilt ny løysing. Dei fleste produkta som finnast på marknaden i dag er berekna på helsepersonell og gjer at eldre ikkje kan ta på kompresjonsstrømpene sjølve. Me vil gjere det mogleg for dei å ta på og av strømpene sjølve, slik at dei slepp å oppleva nedsett mestringskjensle, forklarar Nærø, som har lært mykje sidan dei byrja å utvikle produktet for eitt år sidan.

Etter forundersøkingane har dei fått gode tilbakemeldingar frå Patentstyret og om nokre dagar vert den offisielle patentsøknaden sendt. Av omsyn til denne søknaden er det lite informasjon om sjølve produktet deira å finne på nettsidene deira, men kanskje vert det eit kjent produkt etter kvart.