Tv-vitar Gry Cecilie Rustad følgjer med på kring 60 tv-seriar og elskar å fortelje born kva ho jobbar med. Her er hennar beste serietips.

– Eg er jo skikkeleg flink til å sjå på TV, så kvifor ikkje leve av det, seier Gry Cecilie Rustad, som har forska på tv-seriane Mad Men, the Wire, Treme og Luck.

I tillegg til å vere doktorgradsstipendiat ved Universitet i Oslo, er Rustad tv-kommentator og skribent for Aftenposten K, tv-bloggen Comoyo/Filter Magasin og skriv for kulturwebzinet Metamodernism.

Rustad har nettopp greia ut om korleis dei fire seriane ho har studert inviterer sjåaren til ein alternativ måte å sjå tv på. Mad Men-, The Wire, Luck- og Treme-sjåaren er analytisk og oppteken av estetikk og tematikk framføre handling, meiner Rustad.

Les meir om såkalla telefile seriar her!

No vil vi ha henne til å komme med nokre av sine personlege favorittar.

Vampyrslakting og tenåringsdrama
Ein kan trygt seie at Rustad har godt grunnlag for å komme med tilrådingar. Berre medan ho har arbeidd med avhandlinga, har ho hatt tid til å følgje med på kring 60 tv-seriar. I tillegg har ho til dømes sett alle dei fem sesongane av The Wire – i rekkefølgje – fem gongar.

– Ingen kan seie at eg ikkje tek forskinga mi seriøst, ler tv-vitaren, som elskar å fortelje born kva ho driv med.

LES OGSÅ: Aarebrot vert sakte-tv

Sjølv om ho går breitt ut, har Rustad nokre soleklare favorittar.

– Eg er veldig, veldig glad i Buffy – The Vampire Slayer, og har sikkert sett alle sesongane tre eller fire gonger. Eg voks opp med Buffy og ho var utruleg formativ for meg. Ho var så kompleks, sterk, smart og vittig, og serien er så velskriven. Serien vart laga som eit feministisk manifest, av serieskaparar som var leie av at blonde jenter alltid døyr aller først, fortel ho.

Rustad har også ein forkjærleik for tenåringsseriar. Særleg ligg Friday Night Lights, som handlar om eit fotballag i Texas, hennar hjarte nær.

– Eg føretrekkjer tenåringsseriar framføre krim kva tid som helst. Tenåringsseriar har så mykje fin dramatikk. I USA er ofte unge kvinner dei mest liberale og progressive, og det ser ein att i tv-seriar som Friday Night Lights. Som tv-vitar er eg oppteken av representasjonar og ideologi, og i denne serien er der ei mengd representasjonar av ulike grupper og komplekse samfunnsspørsmål, som klassespørsmål, rasisme og krig. Tenåringsseriar er ofte langt meir fantasifulle enn den klassiske krimmen, som byrjar med ei naken, død kvinne, og held fram med ein mannleg heltemodig detektiv.

LES OGSÅ:Norske tv-sjåarar skal hjerneskannast

Girls for vidarekomne
Sjølv om Rustad er glad i klassikarar som The Wire og Buffy, ser ho også framover. Noko av det mest spanande i vår er komiserien Broad City, ifølgje tv-vitaren. Serien følgjer to unge kvinner som bur i New York, og skal vere ‘fantastisk morsom’.

– Serien passar for alle som tykkjer jentene i Girls vart litt for sjølvopptekne og som ikkje kjøpte vennskapa deira. Broad City er mørkare enn Girls, men syner eit varmt venskap mellom unge kvinner.

LES OGSÅ:Nytt, norsk dansespråk på film

Rustad anbefalar også serien Review, som handlar om ein mann som meldar livet kring tema som rasisme, skilsmisse og kor mange pannekaker ein bør ete.

– Den er først og fremst utruleg morosam, men åtvaring – serien kan kanskje bli litt for mørk og drøy for somme, seier Rustad.

Serien Louie er også blant Rustads tilrådingar.

– Louie er ulikt alt anna på TV og den einaste serien som ein kan seie heilt og halde er laga utifrå éin persons kunstnariske visjon. Den utruleg anerkjende komikaren Louis CK skriv, regisserer, klipper og spelar ´hovudrolla´. Serien kan ta fom som både små novellefilmar eller lengre historier over fleire episodar. Det som gjer Louie verdt å sjå er den mørke humoren og dei hyperobservante eksistensialistiske problemstillingane.

LES OGSÅ:Laga musikkvideo av film frå tippoldefar

I tillegg anbefalar Rustad serieinteresserte å få med seg The Americans, som handlar om to sovjetiske agentar som bur i USA under den kalde krigen og lever i skjul som ein perfekt A4-familie.

– Serien blandar spionthrilleren med familiemelodramaet, og er både uhyre spanande og engasjerande, seier ho.

Til sist løftar ho fram serien Scandal.

– Korleis andre sesong av Scandal jobba seg gjennom handlinga i ekspressfart til utruleg stor underhaldningsverdi, var noko av det mest fascinerande på TV. Scandal er rett og slett ei deileg såpe med mykje intrigar og kule tvistar, seier tv-vitaren.

LES OGSÅ:Vann med film om ytringsfrekkheit

Har du tips til gode tv-seriar? Tips i kommentarfeltet!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.52

LES OGSÅ

ANNONSE