– Ministeren startar i feil ende

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det var ordførar Odd Harald Hovland (Ap) som fekk ordet først under debatten. Han fortalde om eit næringsliv som var verdsleiiande innan sine fagfelt, og drog fram fiske, fiskeoppdrett og subsea-teknologi som eksempel.

 – I tillegg har me eit engasjert kulturliv, med verdskjende musikalar i Amfiet. Hadde me klart alt dette utan lokalt sjølvstyre? spurde han og meinte lokaldemokratiet bidrog til den store aktiviteten på øya.

 – Kommunal sektor må kunne tilpasse seg og gjennomføre strukturelle endringar når behovet er der. Men kvifor denne kommunereforma? Det er vel ingen som gjennomfører strukturendringar til dømes i næringslivet utan å vite kvifor. Det er akkurat det som skjer i dag, sa han.

Senterparti-ordførar i Etne, Sigve Sørheim, sa seg samd i dette.

 – Kommunalministeren meiner at me etter 50 år med stort sett same kommunar har behov for å sjå på kommunestrukturen, noko eg nok kan seie meg samd i. Men me byrjar i feil ende her. Fylkeskommunen og framtida for den må vera med i reformarbeidet, noko regjeringa ikkje har lagt opp til. Me må bestemme oss for om me skal ha to eller tre nivå med kommunar og fylke, eller om fylka skal fjernast, sa han.

Sørheim la ikkje skjul på at han trudde det ville vera dei mindre kommunane som ville sitje att med svarteper ved ei samanslåing.

 – Ei samanslåing vil føre til sentralisering, og då er det distrikta som blir råka, sa han.

Etne-ordføraren avrunda innlegget med å minne om at rådmann Sverre Olav Svarstad under fjorårets SunnPodium spøkefullt føreslo Stor-Bømlo som namn på ein ny kommune.

 – Utan d, sa han til latter frå salen.

Eit forslag Fitjar-ordførar Wenche Tislevoll (H) fort slo fast at ho ikkje kunne stille seg bak.

 – Me vil alltid vera fitjarbuar og den identiteten vil me alltid ha, sjølv etter ei eventuell kommunesamanslåing. Eg meiner me klarar oss rimeleg bra med dei interkommunale samarbeida me har med Stord og Bømlo, sa ho.

Ikkje utan Bømlo

Men trass i at Tislevoll ikkje ville la Bømlo pryde namnet på ein ny storkommune, var ho ikkje interessert i å bli stordabu om ikkje bømlingane blir med.

 – Det er ikkje sjølvsagt at me skal slå oss i lag med andre. Men ei samanslåing mellom Stord og Fitjar vil ikkje vera stort nok, då må i alle fall Bømlo også bli med. Det hadde også vore naturleg då me allereie har på plass eit godt samarbeid til dømes om legevakt og barnevern, sa ho.

Ordføraren frå lengst nord på naboøya la til at kommunane ikkje klarar å gjennomføre alle oppgåvene dei er sett til frå sentrale myndigheiter, og trur ein storkommune kan bøte på det.

 – Det er viktig at me ser nærare på korleis me skal få til eit kommunalt sjølvstyre utan at me blir styrt ovanfrå. Samtidig trur eg på eit større politisk engasjement med ein større kommune. Då må innbyggjarane, til dømes i Fitjar, engasjere seg enno meir enn i dag for å få gjennomslag for sine saker, sa ho.

Ho la til at stemninga for ei kommunesamanslåing er heller så som så i Fitjar.

 – Innbyggjarane ønskjer nok å vera sin eigen kommune, sa ho.

– Me er robuste

 – Kvinnherad er ikkje så oppteken av kommunestruktur. Me har eit godt næringsliv og meiner me er ein robust kommune. Med strukturelle endringar vil me få nye oppgåver, og også me kunne ønskja oss at ting skjedde i omvendt rekkjefølge, sa Synnøve Solbakken (Ap).

Ho var oppteken av at det uansett måtte eit tett samarbeid til i regionen.

Ruth Østebøvik Eriksen (H), ordførar i Sveio, har tidlegare uttalt at ho ønskjer at kommunen blir ein del av Rogaland.

 – Dette synet varierer litt, avhengig av om ein bur nord eller sør i Sveio. Men om me ikkje viskar vekk fylkesgrensa vil me bli slite i to. Me ønskjer ikkje å bli ein bydel i Haugesund, men meiner me i staden må sjå Sunnhordland og Haugalandet i ein samanheng i denne debatten, sa ho.

Østebøvik Eriksen la til at dei kunne vera med og vurdera ein kommune for heile Sunnhordland, men streka enno ein gong under at nord-sør problematikken var eit stort problem for innbyggjarane i Sveio.

Mykje vil ha meir

Høgre-ordførar Liv Kari Eskeland frå Stord var fort frampå for å fortelje kven som var størst. Medan politikarane i nabokommunane er skeptisk til å la seg bli styrt frå Leirvik, er stordabuen langt meir open for ideen.

 – Stord er definert som eit regionsenter i Sunnhordland. Me har ei fantastisk industrihistorie som har utvikla det eventyret me er ein del av i dag. Difor er me heller ikkje så redde for nærleiken til næringslivet som ordføraren i Bømlo. Det er næringslivet sjølv som står for utviklinga, sa ho.

Eskeland la til at kommunane samarbeider på nær 60 ulike område i dag.

 – Det fører til ei utholing av demokratiet. Kommunestrukturen er overmoden for debatt, og som sagt er me ikkje så redde for utkant-problematikken som det andre er, sa ho.

Eskeland meinte òg at større kommunar kunne tenkja større løysingar, og brukte ferja mellom Kvinnherad og Stord som døme.

 – Me hadde nok ikkje godteke ei så lang ferjestrekkje som i dag om me hadde vore ein kommune der Kvinnherad var med, sa ho.

Ikkje folkekrav

Ordførar Kjetil Hestad (Ap) i Tysnes kommune fortalde at sambygdingane hans ikkje akkurat hadde trykka regjeringa sin reformvilje til sitt bryst.

– Det er ikkje eit stort rop om kommunereform på Tysnes, snarare ein skepsis. Problemet er at me ikkje veit kva me skal bevege oss inn i. Me må få klart fram kva oppgåver me skal få før me tar til med strukturelle endringar. Ei kommunereform av denne storleiken må ha ei forankring i folket, om ikkje vil me ha 100 år med ufred, sa han.

Tysnes-ordføraren peika på kor viktig det er å forstå den stoltheita folk føler for bygda og heimkommunen.

– Innbyggjarane må føle ei tilhøyring til prosessen, og informasjon er ein kritisk del av dette, noko det skortar på i dag, sa han vidare.

Hestad såg føre seg at ein eventuell storkommune burde romme samtlege kommunar i Sunnhordland.

– Viss ikkje river me Sunnhordland opp, sa han.

Ja-kommune

Ordføraren i Austevoll, Renate Møgster Klepsvik (FrP), fortalde om ein øykommune med stor aktivitet i næringslivet der ein ikkje hadde vanskar med å lokke til seg fleire innbyggjarar.

– Me er ein ja-kommune som prøver å leggje alt til rette for privatpersonar, næringslivet og kulturlivet, og har ikkje problem med tilflytting. Me føler at me i dag er med og byggjer opp identiteten til både kommunen og næringslivet. Dersom me blir slukt av andre kan denne identitetsbygginga fort forsvinne, sa ho.

Også Møgster Klepsvik etterlyste ei avklaring av regjeringa om kva oppgåver kommunane skal få i samband med reforma.

Les saka i Bømlo-Nytt!