Maksimalt to sider per sak

Framtida
Publisert
Oppdatert 12.04.2017 14:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stortingsrepresentant Fredric H Bjørdal gjev full støtte til Jostein O. Mo sitt utspel om sakspapir.

LES OGSÅ: Må lese 600 sider dokument

Bjørdal, som før stortingsvalet var gruppeleiar for Ap i kommunestyret i Ørsta, meiner det enorme sidetalet trugar lokaldemokratiet.

– Ofte var det fleire hundre sider å lese til kvart møte. Dette greidde ikkje nettbretta å handtere, så møta vart mykje lenger enn naudsynt fordi ein måtte vente på elektronikken.

– Eg fekk sjokk på mine første møter. Så mykje papir er heilt uoverkomeleg, ein må hugse på at folk gjer dette på fritida, ved sida av jobb og familie. Ein kan ikkje forvente at nokon vil ta på seg eit verv som er så tidkrevande, og eg trur slikt skremmer folk vekk frå lokalpolitikken.

– Politikken druknar i sakspapir. Det er ofte uråd å finne ut kva som er politikken i saksframlegget. Eg er nesten freista til å spørje om administrasjonen gjer det medvite, undrar Bjørdal.

– Slik eg ser det har ein to alternativ: anten auke godtgjersla til politikarane kraftig, så ein sit att med meir enn knappar og glansbilete for den tidkrevjande jobben ein gjer. Eller så må ein redusere mengda sakspapir drastisk. Eg meiner administrasjonen bør ta mål av seg å legge fram saksframstillingar på maks to sider. Det bør vere fullt mogleg å presentere essensen i ei sak slik. Kommunestyret er ikkje ei forlenga arm av byråkratiet, men eit politisk organ, samansett av lekfolk, som skal ta dei politiske avgjerdene for lokalsamfunnet, seier Holen Bjørdal.

Saka var først publisert i Møre-Nytt.