Sssssslapp berre av! Her er spa-besøket du aldri gløymer.

mm

På Cebu City Zoo i Filippinene har dei eit massasjetilbod utanom det vanlege, skriv den britiske avisa Daily Mail.

Fire store burmesiske pytonslangar på til saman 250 kilo blir lagt oppå deg. Etter dette får dei slanga seg oppå deg. Ifølgje Daily Mail blir slangane alltid mata med ti kyllingar før dei byrjar massasjejobben.

Ian Maclean frå Hawaii fortel at han har fått slangemassasje to gonger.

LES OGSÅ: Verdas våtaste draumejobb?

– Eg fekk liggja på ei bambusseng utandørs. Instruksjonane om kva du får lov til og ikkje lov tid er veldig viktige. Du får ikkje blåsa luft på slangen, det kjennest tydleg som om dei skulle bli klypt. Og du får ikkje skrika på hjelp, sidan vibrasjonane kan gjera slangane urolege, seier han til Daily Mail.

Dyrehageeigaren Giovanni Romarate hevdar at massasjen er sikker.

– Slangar går ikkje til åtak om dei ikkje blir skadde. Og me bruker ikkje giftslangar. Dei fleste som får massasje er litt redde først, men sidan seier dei at dei likar han, seier Romarate til Daily Mail.

LES OGSÅ: Ein blodig fin by

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.52
ANNONSE