– Vikingar er superpop

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi meiner at sjølv om ikkje alt det historiske blir framstilt korrekt, så er alt som skjer rundt vikingar i populærkulturen med på å halde interessa for vikingtida levande, seier journalist Per Arne Drangsholt.

Han skriv for det nyleg lanserte nettmagasinet «The Happy Viking». Her vil ein samle både saker om vikingar i populærkulturen og meir faglege artiklar med arkeologiske funn og forsking.

– For berre eitt par år tilbake var vikingtid nærast eit ikkje-tema i media, men dette er no snudd heilt om, fortset han.

At Drangsholt er inne på noko er det ingen tvil om. History Channels storslåtte actionserien «The Vikings» har vorte ein kjempesuksess. BBC-serien «Vikings», som viste vikingane som handelsmenn og kolonistar vart følgt av mange nordmenn rundt påsketider.

Og på filmfronten er det ikkje minst mykje spenning knytt til ein kommande Hans Petter Moland-regissert film, kalla «Røde orm».

– Vi skal for fanden lage ein vikingfilm! Mange har laga vikingfilmar før, men vi skal lage den første vikingfilmen nokosinne som er god, seier den danske produsenten og kulturpersonlegdomen Peter Aalbæk Jensen til Dagsavisen.

I Cannes kunne han fortelje at Moland skal regissere dette, eit av dei største filmprosjekta laga i Skandinavia, og at Stellan Skarsgård er tiltenkt ein stor rolle.

LES OGSÅ:Vikingar i tjukkaste Afrika

Nysgjerrige turistar
Også bøker om vikingane treffer blink. Jan Ove Ekeberg og Eir Aas Jacobsens slapp barneboka, «Vilja Viking-jente – De røde bjørnene» i vår, med god respons. Juritzen jr. melde snart om eit opplag som runda 7.000 bøker.

Kim Hjardar og Vegard Vike kom i fjor med storslåtte «Vikinger i krig», og Hjardar slapp på eiga hand «Vikingenes historie i kart, tekst og bilder» – også dette suksessutgjevingar.

Og etter seks års arbeid med 100 omsetjarar, forskarar og forfattarar i sving, kom nyleg islendingesagaene i ny omsetjing – på både dansk, norsk og svensk.

– Folk ser «Thor»-filmane, men etterpå går dei til kjeldene for å finne ut korleis mytologien eigentleg var, og korleis vikingane eigentleg levde. Dette melder dei blant anna om på vikingmuseet i Borg i Lofoten, der turistane er svært opptekne av å tileigne seg historiske fakta og korrekt kunnskap, seier Drangsholt. (©NPK)

LES OGSÅ:Vikingar brukte magi i krig