Uprisen til Thomas Enger

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Jaaaaaaa! Wow, tusen takk! utbraut ein overraska, glad og stolt vinnar av Uprisen 2014.

– Det var ei æra berre å bli nominert til denne prisen. Det å vinne motiverer og inspirerer meg til å skriva vidare. Tusen takk til alle saman som har lest og vurdert boka, sa Thomas Enger frå scena ifølgje ei pressemelding.

LES OGSÅ: Debutantar deler Uprisen

Show don’t tell
I regi av Foreningen !les har over 600 niandeklassingar vore med å kåra «Den onde arven» til årets ungdomsbok 2014.

Diskusjonane var lange og harde. Først på overtid i går kom dei 14 representantane for dei sju juryklassane fram til ein vinnar. Avgjerda kom etter at ein jury på 150 norske ungdomsskuleelevar frå sju ulike fylker har lese og diskutert dei fem nominerte bøkene til ungdommens eigen litteraturpris.

Enger har hatt stor suksess med krimserien om krimjournalist Henning Juul, og debuterte i fjor som ungdomsbokforfattar med «Den onde arven».

Juryen meiner at boka er original og uforutsigbar med godt tempo og spenningsoppbygging.

«Vinnarboka tek seg god tid til å skildra miljøet og karakterane. Men det blir ikkje keisamt. Den er lett å leva seg inn i fordi me ser for oss universet. Forfattaren fortel ikkje, men syner oss korleis det er,» heiter det vidare i grunngjevinga.

Vidare fortel elevane at forfattaren har lukkast med å fanga og halde på lesarane alt frå fyrste side.

LES OGSÅ: Uprisen til Torkildsen for andre gong

Saka fortset under biletet.


Thomas Enger jubla då han fekk prisen av Eirin Eknes frå Gimle ungdomsskule i Bergen og Maida Zeckanovic frå Gulskogen skule i Drammen. Foto: Vibeke Røgler

Ein thriller
I thrilleren «Den onde arven» treff lesarane 16 år gamle Julie, ei uvanleg jente som bur åleine med bestefar sin. På skulen vert ho mobba og hennar beste ven er ein katt. Ein dag endrar alt seg når Julie finn ein gjenstand med mørke hemmelegheiter, som nokre er viljuge til å drepe for å få tak i. Julie jaktar på sanninga om familien sin og hamnar i stor fare.

Juryen meiner at boka er realistisk innafor sjangeren sin og meiner forfattaren har grunn til å vere stolt over at boka ikkje har eit einaste daudpunkt.

Uprisen vart i år delt ut for niande gong.

Dei fem nominerte til Uprisen er valt ut basert på bokmeldingar ungdom har skrive av alle norske ungdomsbøker utgjeve i 2013.

I tillegg til vinnarboka var «May Lenda» av Marte Aune, «Katakombens hemmelighet» av Tom Egeland, «Det er her jeg skal være» av Hilde Hylleskaar og nynorske «Svarte Mathilda III» av Tor Arve Røssland, nominert.

LES OGSÅ: – Ungdom mistar lesesatsing

Faktaboks

Om Uprisen:

• Vert delt ut i regi av Foreningen !les med ein jury beståande av norske ungdomsskuleklassar.

• Nominasjonane er valt ut på bakgrunn av bokmeldingar skrivne av ungdom.

• Foreningen !les er ein ideell organisasjon som vart skipa i 1997. Målsettinga er å fremme lesing for ungdom mellom 13 og 19 år.

Juryklassene i år er:

Sør-Trøndelag: Charlottenlund ungdomsskole

Hordaland: Gimle skole (9B)

Buskerud: Gulskogen skole

Hedmark: Løten ungdomsskole (9B)

Sogn og Fjordane: Sagatun skule

Oslo: Sagene skole (9B)

Oppland. Vardal ungdomsskole (9C)