Fleirtalet støttar bondekampen
Berre to av ti gir støtte til landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp), viser meiningsmåling.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
52 prosent av dei spurte svarer at dei støttar bondeorganisasjonane mest. 23 prosent støttar Listhaug mest, viser ei meiningsmåling som Respons har laga for avisene Bergens Tidende, Adresseavisen og Stavanger Aftenblad.
Halvparten av veljarane til regjeringspartia støttar Listhaug mest.
Intervjuobjekta har også fått spørsmål om kva dei synest om bondeaksjonane. Langt fleire støttar aksjonane enn dei som tar avstand frå verkemiddel som eggblokade, mjølketømming og køyr-sakte-aksjonar med traktorar, viser målinga. 44 prosent støttar aksjonane til bøndene. 36 prosent gjer det ikkje.
Listhaug har ikkje ønskt å kommentere målinga. (©NPK)