Luftig moro skal bli levebrød

Ungt par satsar alt på Noregs lengste zip-line.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Høgtsvevande ja, men ikkje noko luftslott, meiner paret André Øygard og Anne Reidun Sørensen i Fjærland.

No opnar dei anlegget med Noregs lengste zip-line, på Øygard i Supphelledalen. Snart kan store og små kasta seg ut i det fri, hengjande i seletøy frå ei talje som går langs ein lang stålstreng. Og det går fort. Opp mot 60 km/t.

Optimistar
Paret har stor tru og satsar alt i prosjektet. Sørensen har sagt opp jobben i Skatteetaten for å via seg til denne satsinga.

– Det er sprekt gjort. Me har god tru på at dette skal gå bra, seier André Øygard (30).

Han er frå Fjærland og har drive garden Øygard dei siste åra, men slutta med dyr. Sørensen er opphavleg frå Tromsø. Dei prøvar å nå breidt ut.

– Det er to zip-liner med ulik vanskegrad. Ein som er mild, og alle skal kunne køyra den. Den andre er litt spenstigare. Den er tre gonger så bratt, og farten kan koma opp i 50-60 km/t. Den farten har du nesten heilt fram til mål, der du får ein brå oppbremsing med eit bremsemagnetsystem, seier Øygard.

Høg fart og stor høgde

Paret demonstrerer gjerne og tilbyr prøvetur, i surt og kjølig vårvêr. Regnet høljar ned skodda ligg langt ned over dei bratte fjellsidene. Regn og vind kan påverka farten. På den milde linja er farten moderat, og på slutten må litt lette personar ofte dra seg inn til endepunktet. Så går turen bratt opp til den bratte løypa. Farten er stor, regnet slår mot andletet. Så er det bråstopp med bremsesystemet nær mål, nesten ei oppleving i seg sjølv.

– Ein merkar godt at ein er 50 meter over bakken. Og dei siste 100 meterane før mål merkar du at farten er verkeleg høg, seier Øygard om sveveturen på om lag 500 meter.

Fleire bein å stå på
Paret ønskjer å supplera anlegget med noko meir. Difor opparbeider dei eit område like ved, med grillhytte, villmarkskulp og dusj, og skal få på plass badstu. Dei har fått serveringsløyve, og jobbar med skjenkeløyve. Målet er så klart å kunne tilby ein pakke som er meir innbydane for aktuelle kundar. Men det har kosta.

– Det er kompetansen som verkeleg har kosta, men det var verkeleg verdt det. Me har inngått franchiseavtale med Høyt & Lavt i Vestfold, som har Nord-Europas største klatrepark. Med badeplassanlegget har me passert vel ein million kroner, seier Øygard.

Byggearbeid
Noko støtte har dei fått frå Sogndal kommune, og det har hjelpt dei på veg. Framleis ber området preg av bygging og opparbeiding, men zip-lineanlegget er klart til bruk. Måndag kan dei opna for grupper, medan dei tek sikte på å opna for drop-in besøk i juni.

Såvidt han veit er det ikkje andre zip-liner i Sogn. Registrerte ulykker er det heller ikkje for slike anlegg, ifølgje Øygard.

Les heile saka og sjå video hjå Sogn Avis.