Sprikande målingar om kongehuset
Dei to siste åra har oppslutninga om kongehuset falle med 10 prosentpoeng, ifølgje ei ny VG-undersøking. Ei NRK-måling viser derimot ei sterk oppslutning.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kongehuset: - Ingen kommentar
I VG-undersøkinga, gjennomført av InFact, seier 65,4 prosent at dei ønskjer å behalde monarkiet. For to år sidan var talet 74,6 prosent. Talet har auka frå 10,5 prosent i 2012 til 15,6 prosent i 2014.
LES OGSÅ: Royalistane
Monarkimotstand
19 prosent av dei spurte i år ønskjer at monarkiet skal avskaffast, mot 14,8 prosent for to år sidan.
Kommunikasjonssjef Marianne Hagen ved Det Kongelige Hoff seier at Slottet ikkje ønskjer å kommentere VG-målinga.
LES OGSÅ: Tenkjetankar vil ha norsk kongeval
Åtte av ti for
I NRK si måling, som også blei presentert fredag, svarer 82 prosent at dei støttar kongefamilien og ikkje ønskjer ei anna statsform. Ei tilsvarande undersøking i 2005 viste ei oppslutning for monarkiet på rundt 70 prosent. (©NPK)