Forbrukarrådet meiner vilkåra for skylagringstenesta iCloud gjer brukarane tilnærma rettslause.

NPK-NTB
NPK-NTB

Ein stor gjennomgang som Forbrukarrådet gjorde i vinter av ei rad nettbaserte lagringstenester, viste at vilkåra i den 8.600 ord lange teksten blant anna innebar at Apple sjølv kan avslutte brukarkontoane utan å oppgje grunn eller varsle på førehand, noko som kan føre til tap av viktige data for brukarane.

– Apple gir seg sjølv fridom til når som helst å endre vilkåra for bruk av lagringstenesta og etterlét med det brukarane tilnærma rettslause, seier fagdirektør Finn Myrstad i Forbrukarrådet til Aftenposten.

Forbrukarrådet meiner at vilkåra er einsidige og bryt med både norsk og europeisk lov og har difor klaga inn datagiganten for Forbrukarombodet.

Apple ønskjer ikkje å kommentere saka.

Det er ikkje første gongen at Forbrukarrådet klagar inn Apple. I 2009 måtte Apple gje etter i saka om kopisperrer på nedlasta musikkfiler frå iTunes, og vart nøydde til å fjerne sperra. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.52

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE