Sperrer av øya der Erna har hytte
Stor terror-øving i Hardangerfjorden.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I dag mellom kl 08.00 og 14.00 vert det ei stor politiøving på Varaldsøy. Føremålet er å testa beredskap og respons mot Statsministerens fritidsbustad.
Folk på Varaldsøy må nok rekna med noko meir lyd enn dei er vane med i morgon, seier kommunikasjonsrådgjevar i Hordaland Politidistrikt Gry Benedicte Halseth.
I ei pressmelding frå politiet heiter det at målet med øvinga er å teste vår beredskap og respons opp mot statsministerens fritidsbustad. Øvinga skjer i nært samarbeid med Oslo politidistrikt og Forsvaret.
– Av tryggleiksomsyn vil det ikkje vera høve til å gå i land på øya under øvinga. Grunna bruk av helikopter vil det og innførast ei flyforbodssone over området i same tidsrom. Det vil ikkje vere ferdselsrestriksjonar på sjø, heiter det i pressmeldinga.
– Naboar er varsla om øvinga, og ferja vil gå som normalt denne dagen, fortel Gry Benedicte Halseth.