Ugle sette klørne i Lars

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg såg ingenting, men høyrde ein flakselyd og plutseleg var det noko som gjekk til angrep på andletet mitt, seier han.

Var på trimtur

14-åringen var på treningstur saman med mora si på den populære turstigen frå Sandvik Nord opp mot Engjadalen i Gaupne laurdag då ugla kveste klørne.

– Eg merka at ho sette den eine foten sin oppå hovudet mitt og den andre like ved augo. No har eg kloremerker på kjaken og på augnelokket, seier Lefdal, som var heldig klørne ikkje trefte augo hans.

– Eg konsentrerte meg om å sjå nedover på grunn av ujamt terreng, så eg fekk ikkje sett ugla. Eg trudde først eg var blitt angripen av ei kråka eller noko, seier Lefdal.

Verna ungane sine

Mest truleg er det snakk om ei kattugle, som har eit vengespenn på over ein meter Lefdal trur ugla i Gaupne hadde ungar i nærleiken som ho skulle verne, og at det var årsaka til at den gjekk til åtak på trimmarane som ferdast i område.

– Eg har lest litt om ugler på internett. Kanskje dei dreiv på med flygetrening og at ho berre var redd for ungane sine, seier Lefdal, som sprang rett heim etter angrepet.

Masse blod

Då han såg seg sjølv i spegelen såg han alt blodet som rant frå augnebrynet og frå kjaken hans. Han hadde også fått ein blåveis i kinnbeinet.

– Eg ringde mamma og bad ho koma seg kjapt heim slik at ho fekk ordna såret mitt. Det var ikkje ilt, men etter kvart kjende eg at det vart verre og verre.

Åtvarar andre

Også ein annan trimmar vart utsett for uglas vreide like før, difor vil 14-åringen no åtvara andre, spesielt barn, mot å gå denne strekninga i dagane framover.

– No må me berre venta ei stund og gå andre plassar enn akkurat her.

Populært område

Turstigen mellom Sandvik Nord opp mot Engjadalen er eit hyppig turområde, og blir blant anna kalla vårens vakraste eventyr i boka Opptur i Sogn og Fjordane.

– Det er mange folk som går her no om våren, og angripa i helga skal ha skjedd like under turposten på Lø, seier Christin Sønnesyn hjå Luster lensmannskontor.

Ho opplyser om at det no er sett ut informasjon på plakatbordet både oppe og nede langs denne stigen og åtvarar folk om å ferdast her.

– Det er ugla som heilt sikkert har ungar, og vernar om desse. Difor kan vera greitt at ugla får litt fred og ro i tida framover. Om tre veker i slutten av mai eller i byrjinga av juni vil eg tru ungane har forlate reiret, og at det då vil vera trygt å ferdast her igjen.

LES SAKA I SOGN AVIS!