Hildeborg Juvet Hugdal blei europameister og sette ny verdsrekord.

Tore Bastlien Dahl, Ryfylke.net
Tore Bastlien Dahl, Ryfylke.net

Saudakvinna gjorde tilnærma reint bord under dagens europameisterskap i styrkeløft i den bulgarske hovudstaden Sofia. Ho vann to av tre øvingar og stakk av med ein klar samanlagtsiger. Dessutan sette ho ny verdsrekord i favorittgreina benkpress- heile to gonger.

Juvet Hugdal starta godt og tok ei tidleg leiing etter første øving, knebøy, der ho løfta 265 kilo. Hovudkonkurrenten, ukrainske Inna Orobets, var nærast den råsterke saudabuen med sine 257,5 kilo.

Den andre øvinga, benkpress, blei ein rein parademarsj. Saudakvinna viste rå kraft då ho sette ny verdsrekord i benkpress for kvinner i styrekløft-samanheng. Rekorden er nå på smått utrulege 225,5 kilo. Juvet Hugdal sletta med det sin eigen verdsrekord, på 220 kilo, som blei sett kun få minutt før det nye rekordløftet. I tredje og siste forsøket slo ho altså til med heile 225,5 kilo.

Konkurrentane var aldri i nærleiken av å tukta saudabuen som løfta 192,5 kilo i markløft, og blei med det europameister. Samanlagt løfta Juvet Hugdal 683 kilo, noko som er ny personleg rekord. Den tidlegare rekorden var på 668 kilo.

Saka var først publisert i Ryfylke.net. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.52

LES OGSÅ

ANNONSE