LO: – Noreg manglar 140.000 jobbar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me manglar 140.000 jobbar

Sjølv om arbeidsmarknaden er stabil, fører auka folketal til fleire arbeidsledige, meiner LO.

Onsdag neste veke legg regjeringa fram Revidert nasjonalbudsjett som spikrar pengebruken for 2015. Ifølgje ei vurdering økonomar i LO har gjort av norsk statusen til økonomis, er det i ferd med å skje alvorlege ting i arbeidsmarknaden, skriv Dagsavisen.

Sysselsetjingsraten går ned, og delen sysselsette i Noreg er 3,7 prosent lågare enn før finanskrisa. Dette betyr i praksis at vi manglar 140.000 jobbar, og økonomane i LO reknar med at utviklinga vil halda fram.

LES OGSÅ: Den ubrukte arbeidsstyrken

Årsaka til dette er ifølgje sjeføkonom i LO Stein Reegård at befolkningsveksten aukar meir enn talet på sysselsette. Altså kan vi også framover venta ein større del arbeidsledige.

– 140.000 jobbar svarar til tre års god sysselsetjingsvekst. Det er eit stort tal, og er meint til å klargjera problemstillinga, som ikkje kan løysast over natta. Det er fare for at talet veks, seier han.

Reegård fortel at tendensen i arbeidsmarknaden allereie har vart i sju-åtte år. Bygg– og anleggsbransjen har den høgste delen arbeidslause, der 5,4 prosent er utan arbeid i dag.

Ifølgje Statistisk sentralbyrå stod nettoinnvandringa for 69 prosent av folkeveksten i Noreg i fjor. (©NPK)