Her blir KrFU-leiaren deportert av KGB

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

KrFU-leiaren deportert av KGB

– Me skulle berre møta vennene våre i Kvite-Russland og gå på ishockey-VM, seier KrFU-leiar Emil André Erstad på telefon frå Stockholm. Torsdag kveld blei han og internasjonal rådgjevar i KrFU Line Nordhaug stoppa ein halv time frå hovudstaden Minsk.

Under passkontrollen fekk ungdomspartileiaren fleire spørsmål frå tryggleikspolitiet KGB.

– Dei sa at eg var på ei liste, men kunne ikkje seia noko om kvifor eg var på lista. Det heng nok saman med at eg har prøvd ein gong før å koma inn i landet, fortel Erstad.

Med nesten ti KGB-folk som vaktar blei han sett på eit tog til Vilnius i Litauen seint torsdag kveld.

– Det er ingenting mot det som folk som bur i landet opplever kvar dag, seier han. Sjølv opplevde han KGB-vaktene som hyggelege.

– Eg trur dei syntest det var litt rart at eg ikkje fekk koma inn i landet. Dei spurte mange spørsmål. Det verka som dei ikkje fekk det til å henga i hop.

LES OGSÅ: – Som å komme til Paradis

Ungdomspolitikarar fengsla
I dag byrjar ishockey-VM i den kvite-russiske hovudstaden Minsk.

– Kviterussland har sagt at alle skulle få koma til ishockey-VM. Det gjaldt tydelegvis ikkje alle, seier Erstad. Laurdag hadde han billett til ishockeykampen mellom Tyskland og Kasakhstan.

I tillegg til å gå på ishockey-kamp planla han å møta KrFU sitt søsterparti i Kviterussland Malady Front.

– I Kviterussland er det ulovleg å vera med i ungdomspartiet, noko som er heilt sinnsjukt. Rett før me skulle koma, blei nokre av vennene våre i partiet arrestert og dømt til fengsel i 20 til 30 dagar.

LES OGSÅ:  Vi leikar ikkje med diktatorar

Europas siste diktatur
Emil André Erstad er skremt over å sjå korleis opposisjonen i landet blir behandla.

– At eit slikt regime får arrangera ishockey-VM, kan eg ikkje forstå. KrFU og mange andre var mot dette. Eg håpar likevel at ishockey-VM vil bidra til å retta søkelyset mot menneskerettane i Europas siste diktatur. Eg håpar at utanriksminister Børge Brende er endå tydelegare i kritikken mot situasjonen for menneskerettar i landet.

Aleksandr Lukasjenko har styrt Kviterussland med jernhand sidan han tok over som president i 1994. Ifølgje ein ny rapport frå Human Rights Watch blir all opposisjon i landet undertrykt. Journalistar, opposisjonspolitikarar og aktivistar blir fengsla og trakassert. Kviterussland er det einaste landet i Europa som enno praktiserer dødsstraff.

– Eg veit ikkje kva som gjer at Lukasjenko er redd for å sleppa inn ein ungdomspolitikar frå Noreg. Men det kan jo vera at han er redd for at demokratiet vil vinna ein dag? spør Erstad.

Faktaboks

Kviterussland har kring 10 millionar innbyggjar.
Hovudstaden Minsk arrangerer ishockey-VM 2014.
Blei eige land i 1991, då Sovjetunionen blei oppløyst.
Ifølgje Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa har ikkje dei siste vala i Kviterussland tilfredsstilt internasjonal standard, og landet blir i Vesten ofte karakterisert som det siste diktaturet i Europa.
Aleksandr Lukasjenko har styrt landet som president sidan 1994.

Les meir på Wikipedia!