Knallhard kamp for E134

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Samferdselsdepartementet har bede om ein oppdatert analyse av dei ulike høgfjellsovergangane aust-vest. Vidare har samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen varsla ei skarpare prioritering der eitt av dei fire sambanda frå Oslo til Bergen får spesiell prioritet.

– Fyrste uttala til samferdselsministeren er modifisert. No blir kanskje to fjellovergangar prioritert, seier dagleg leiar Børge Skårdal i Haukelivegen AS.

Eiga utgreiing
Når vegstatsråden skal prioritere truleg to strekningar, kjem han til å leggje vekt på mellom anna lengde, køyretid og vintertryggleik. Det er Vegdirektoratet som skal gjere utgreiingsarbeidet om kva betyding og funksjon dei ulike overgangane har no og fram til 2050.

Tru ikkje at Haukelivegen AS ligg på latsida av den grunn. Føremålet til selskapet er å arbeide for utbygging og standardheving av E134. I juni får Haukelivegen AS ein analyse som omhandlar investeringar på E134 heilt fram til Haugesund og greina frå europavegen ved Seljestad fram til Bergen.

– Hovudstrategien i analysen er å synleggjere utviklingspotensialet på E134 inklusiv greina til Bergen, og at det vil vere lønsamt å investere eit større beløp på desse vegane. Analysen skal avklare det aktuelle investeringsbeløpet, og vil sjølvsagt også vere eit ledd i å argumentere for strekninga, seier Skårdal.

Han legg til at Vegdirektoratet blir den viktigaste mottakaren av analysen, men også Stortinget, fylkestinget og andre aktuelle vil få rapporten.

– Det er viktig at E134 kjem godt ut av analysen Vegdirektoratet gjer, seier Skårdal

LES OGSÅ: Til kamp for høgfartsbane

Gode tal og god sjanse
I 2013 nytta 1.500 køyretøy E134 kvart døgn, medan talet for næraste konkurrenten Hemsedal var 1.200 for å kome seg frå aust til vest eller omvendt.

– Det er veldig gode tal for E134, og det er viktig. Ingen andre fjellovergangar enn denne kan dekkje behovet næringslivet har. Derfor treng E134 investeringar uansett, seier Skårdal.

– Kan det vere fare for at det ikkje kjem nye tunellar på Haukelifjell om samferdselsministeren ikkje vel E134 som hovudveg aust–vest?

– Uansett trur eg det kjem nye tunellar. Dei ligg inne i Nasjonal transportplan, men me jobbar for ein tidlegare oppstart enn det som ligg i planen, svarar Skårdal.

Hovudsaka er å trekkje til seg mest mogleg investeringsmidlar framover.

– Då må E134 vere ein av dei to prioriterte fjellovergangane. Ser me på potensialet trur eg me har god sjanse. Dette blir spennande, seier Skårdal.

Utgreiing ferdig i år
Nyleg var det generalforsamling i Haukelivegen AS i Åmot. Styreleiar Petter Steen, ordførar i Haugesund, kunne då ynskje velkomen Hans Silborn i Vegdirektoratet for å orientere om utgreiingsjobben for å finne hovudvegen Oslo–Bergen.

I 2006 viste ei utgreiing at det var totalt 4.000 køyretøy i døgnet som nytta fjellovergangane mellom Oslo og Bergen. E134 over Haukelifjell stod for ein tredel av trafikken. Blant resten av køyretøya farta 30 prosent over Hardangervidda, like mange over Hemsedal, 25 prosent valde Filefjell og 15 prosent bruka det som då var Rv50, no fylkesveg 50.

– Konklusjonen då var at eitt samband løyser ikkje alle behova, sa Silborn.

Han la til at E134 over Haukelifjell ikkje betyr så mykje for Bergen, men for Sør-Hordaland og Rogaland.

– Men E134 var viktig for tungtransporten, sa han om konklusjonen i 2006.

LES OGSÅ: Så mykje vil regjeringa bruka på veg

Nytte og kostnader
Vegdirektoratet skal ha ferdig analysen i løpet av 2014. Ein skal sjå på ny transportmodell for aktuelle område, og berekne nytte og kostnader av store utbyggingar på kvar av vegrutene.

Vidare blir det gjort samfunnsøkonomiske vurderingar, og ein skal vise fram ulike variantar av store utbyggingar der det er relevant. I tillegg skal ein analysere nytte og kostnader av ein samla strategi for vegsambandet.

11. juni inviterer Vegdirektoratet til eit ope møte og informasjon om saka i Oslo. Då er det garantert ikkje bare representantar for Haukelivegen AS og E134 som kjem. Det er nok full gass i mobiliseringa rundt omkring for å vinne fram som hovudveg aust–vest.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!