Slo Max Manus ned sjukepleiar?

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva skjedde då Max Manus rømde frå Ullevål sykehus natt til 14. mars 1941? Kjeldene i Max Manus-filmen og sjølvbiografien fortel ei heilt anna historie enn dokumenta i arkiva etter Statspolitiet. No ligg alt til rette for at elevar i den vidaregåande skulen kan gjere eit djupdykk i primærkjeldene til denne kjende historia, og mange andre historier frå andre verdskrig.

Arkivverket ynskjer å utvikle digitale læremiddel i historie til vidaregående skuleelevar i heile Noreg. No har dei starta eit tett samarbeid med Nasjonal digital læringsarena (NDLA). No ligg første bidrag frå Arkivverket ute som pilot for dei nye historiefaga til NDLA .

LES OGSÅ: DNA avslører Hitlers jødiske røter

Ny historie-satsing

Nasjonal digital læringsarena (NDLA) skal frå hausten 2014 starte arbeidet med å utvikle historiefaget. I samband med dette har Arkivverket jobba tett saman med leiarane for fagleg utvikling i NDLA. No er det første undervisningsmateriale som Arkivverket har utvikla tilgjengeleg på NDLA sine nettsider. Bidraga, som førebels ligg ute som pilot for det nye faget, omhandlar andre verdskrig. Det er teke utgangspunkt i ulike tema frå fleire delar av landet, mellom anna invasjonen i april 1940, bombinga av byar, jødeforfølginga, økonomisk kollaborasjon, og korleis tysk okkupasjon prega kvardagen, og då spesielt skulekvardagen. Delar av materiale har ikkje tidlegare vore publisert eller tilgjengeleggjort. Det digitale tilbodet kan både brukast på nett, og ved besøk i dei ulike arkiva i Noreg.

Eit av hovudføremåla med historiefaget er at ”… faget skal fremme evnen til å bearbeide og vurdere historisk materiale og annen informasjon. Historisk innsikt kan bidra til å forstå egen samtid bedre, og til å forstå at en selv er del av en historisk prosess og skaper historie”. I denne samanhengen kan og bør arkiva spele ei viktig rolle.

– Hensikta er at skulane i langt større grad enn i dag skal få tilgang vil viktige historier frå arkiva, og at elevane skal få jobbe med viktig arkivmateriale i læringssituasjonen, seier Gro-Anita Mortensen, prosjektleiar for utviklinga av digitale læremiddel i Arkivverket i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Frå utopisk draum til terror og tragedie

Viser veg til primærkjeldene

Ragna Tørdal er leiar for fagleg utvikling i NDLA. Ho fortel at planen er å kunne tilby eit komplett tilbod for dei nye faga Historie Vg2 og Vg3 hausten 2016. Men alt no kan elevane ta i bruk stoffet som Arkivverket har bidrege med.

– Vi er i startgropa med å lage historiefaget. Det stoffet som Arkivverket har bidrege med viser korleis vi ser for oss å utvikle faget. Det som ligg ute no er eit utstillingsvindauge for alt det flotte som finst i Arkivverket, og det gir elevane moglegheit til å jobbe med primærkjelder, seier ho.

LES OGSÅ: Laga musikkvideo av film frå tippoldefar

Arbeidsgruppa samla i Trondheim. Frå venstre: Gunnar Klippenvåg Sørum, Ingeborg Stensrud, Thomas Olsen, Gro-Anita Mortensen, Anette Hagen og Vidar Bjørnsen. Foto: Arkivverket

Faktaboks

• Nasjonal digital læringsarena (NDLA) er eit fylkeskommunalt samarbeid som har som mål å tilby kvalitetssikra, fritt tilgjengelege, nettbaserte læremiddel i alle fag i vidaregåande opplæring.
• Elevane bruker innhaldet på NDLA som eit supplement til læreboka, eller dei vel å berre nytta nettstaden, dette er mykje opp til skulane sjølve.
• Nettstaden har 40.000 brukarar per dag, og i alt over 200 000 brukarar på ei veke.