Hagen forstår at ting tar tid

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Åtvarar mot KrF og Venstre

Carl Ivar og hans Eli cruisar rundt på landsmøtehotellet som Frps desiderte glamourpar, eit ettertrakta og dyrka tospann som går frå intervju til intervju, og som verdsvande glei naturleg inn da partileiinga skulle småsnakke med internasjonale gjester.

Eit år var stemninga mellom Hagen og noverande partileiar Siv Jensen så anstrengt at den tidlegare partileiaren heldt seg heime, men i dag er det gløymt. Hagen forsvarer valet til Jensen av statsrådar, og han seier solidarisk at det tar meir enn seks månader i posisjon for å gjere om på alt det sørgjelege dei raudgrøne har etterlate seg.

Det sprengjer på

Hagen kjenner blodet pumpe når han skodar ut over det politiske landskapet. Han er ikkje så lite stolt over at han har vore med på å byggje opp det velsmurde maskineriet som Frp har blitt, og som viser seg i all si breidd i landsmøtesalen.

Den tidvis omstridde veteranen har vore med på heile den lange vegen og nyt no tilværet som «grand old man» i partiet og gruppeleiar for Frp-gruppa i Oslo bystyre. Hagen har følgt nesten alle dei noverande sju statsrådane frå dei var politiske grønskollingar.

– Det er klart det varmar når partileiaren trekkjer linja frå Anders Lange via meg og fram til i dag. Frp har fått til mykje, sjølv om det er langt igjen. Siv kan skryte med god samvit. Utan Frp i regjering ville ikkje noko av dette ha blitt starta opp. Dersom det er noko eg er uroleg for frå min posisjon på sidelinja, er det den påverknaden frå Venstre og KrF. Desse to må ikkje få hindre regjeringa i å leggje fram populære forslag, seier Hagen til NTB.

Stjerner blir fødd

Landsmøtet drog seg i gang med ein pompøs og øyredøyvande fanfare av beste Star Wars-merke, medan gigantiske skjermar viste bilete av dei sju statsrådane i aksjon på valstemne og i arbeidsdagen. Det første landsmøtet med Frp i posisjon vart hamra inn.

Etter diverse landsmøteformalitetar og litt ufrivillig humor rundt formuleringa av ei helsing til kong Harald var det klart for 45 andpustne og intense minutt med partileiaren.

Gjennomgangstonen var at Frp-ere er utålmodige menneske som stadig vil meir, ein eigenskap som Jensen kalla for ein kjerneverdi. Ho trekte opp dei lange linjene frå Saga kino i Oslo for 41 år sidan og danninga av Anders Langes parti til dagens Frp, det einaste som visstnok arbeider for ein heilt ny kurs for Noreg.

Til skamme

– Dei såkalla ekspertane sine mange spådommar er grundig gjort til skamme. Vi fornyar område etter område. Skritt for skritt, dag for deg, blir Noreg eit betre land. Men vi har så vidt begynt. Det er no den eigentlege reisa begynner. Vi har gjort mykje, men mykje står att. Det er som Carl Ivar sa: Ingenting ting er umogleg. Finn ei løysing!

Jensen lista opp det eine området etter det andre, der regjeringa byggjer ned gamle strukturar og system. Det er ikkje nok å rive ned tapetet, det er sjølve grunnmuren som må til pers.

– I 1985 fekk Frp 3,7 prosent i kommunevalet. Sidan da har det gått berre ein veg, og det er oppover. I tiår etter tiår vart vi ledd av, men det umoglege har blitt mogleg, sa Jensen.

Det var likevel ein tydeleg grunntone av alvor og åtvaring. Frp fekk 16,3 prosent ved valet i fjor og sit i ei mindretalsregjering med Høgre. Bodskapen var at kompromissemne står i kø, og det vil bli aukande avstand mellom det som er partiprogrammet til Frp, og det som blir mogleg å få til i regjering. (©NPK)