Desmond Tutu har mista respekten for Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vil ende på «ein svært varmt stad»

– Eg har alltid hatt stor respekt for Noreg. Den har tatt slutt, seier erkebiskop Desmond Tutu til NRK.

Dalai Lama kjem til Norge onsdag 7. mai, og ingen representantar for norske styresmakter vil møte fredsprisvinnaren frå 1989 under besøket.

– Å snu ryggen til Dalai Lama er også å vende ryggen til det dykk har stått for, seier Tutu.

Utanriksminister Børge Brende (H) forklarte i førre veke avgjerda med den heilt ekstraordinære situasjonen mellom Kina og Norge, der det ikkje har vore reell politisk kontakt på snart fire år. Regjeringa ønskjer å unngå at forholdet til stormakta i aust blir enda verre etter at Nobels fredspris vart gitt til den kinesiske opposisjonelle Liu Xiaobo i 2010.

– De må velje mellom å halde fast på det dykk alltid har stått for, eller velje feil, velje pengane. Det har dykk gjort, og derfor har eg ikkje respekt for den regjeringa som har treft avgjerda om å vende denne broren frå Tibet ryggen, seier Tutu.

Han seier vidare at nordmenn på den yttarste dag vil ende på «ein svært varmt stad».

– Det vil ikkje Dalai Lama. Han vil sitje ein anna stad og be for sjelene dykkar, seier Tutu. (©NPK)