Det blir færre og færre unge nordmenn med førarkort. På 20 år har delen falle frå 80 til under 67 prosent.

NPK-NTB
NPK-NTB

Etter mange tiår med rask vekst i bilkøyringa i Noreg har veksten stoppa heilt dei siste seks-sju åra, viser tal som Statens vegvesen har utarbeidd for Aftenposten.

Delen nordmenn mellom 18 og 64 år med førarkort har falle frå 86 prosent i 1992 til 82 prosent i 2012, viser tala.

Fallet er aller størst blant dei yngste. I 1992 hadde 80 prosent av nordmenn mellom 18 og 24 år lappen, men delen var altså sokke til litt under 67 prosent 20 år seinare, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå og Transportøkonomisk institutt.

Samtidig aukar delen personar med førarkort i dei eldste aldersgruppene. (©NPK)

LES OGSÅ: Vil ikkje gi lappen til 17-åringar

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.51

LES OGSÅ

ANNONSE