– Spesielt nummer fem er veldig viktig
Når du vel å få barn, tek du på deg eit stort ansvar. Det ansvaret er elevane ved Rauland skule opptekne av, fortalde dei barneombod Anne Lindboe då ho besøkte skulen måndag.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Klokka halv ni måndag morgon svingar Barneombussen inn på skuleplassen på Rauland skule. Ideen bak Barneombussen – som eigentleg er ei campingvogn – kom då barneombod Anne Lindboe blei intervjua av nokre ungdomar før ho blei tilsett i jobben. Dei kom med ei klar utfordring til henne: «Du må gje barn og unge meir og betre kunnskap om rettane sine!».
Så no rullar den dekorerte campingvogna rundt i landet for å møte barn og unge der dei er. Måndag kom han til Vinje, og fyrst på programmet stod 4.–7. klasse på Rauland skule.
Elevane er godt førebudde etter å ha arbeidd mykje med barnekonvensjonen og barns rettar dei siste vekene.
– Mange vaksne veit kva barneombodet er. Men det viktige er at barna veit det. Difor reiser me rundt og snakkar med barn og unge over heile landet, seier Lindboe.
Ho utnemnde alle elevane til ambassadørar for barneombodet, og elevane lova å fortelje minst tre andre om ombodet og barns rettar.
– Barnekonvensjonen står faktisk over norske lovar, utanom grunnlova. Så barn sine rettar er viktigast, fortel Lindboe.
Opptekne av foreldra si plikt
Halvor Hove og Åse Linnea Lind i 6. klasse slår av ein prat med Lindboe etterpå.
– Me og 5. klasse har hatt mykje om barns rettar og barnekonvensjonen i skuletimane, og alle har vore veldig engasjerte. I klassa synest me spesielt artikkel nummer fem er veldig viktig. Den er at foreldre har plikt til å passe på barna, seier Halvor.
Om artikkel 5 seier barneombodet at foreldra si oppgåve er nettopp å vera foreldre. Dei skal hjelpe barnet, gje råd på vegen, og støtte barnet til å finne ut av livet sitt. Det er deira plikt som foreldre å ta vare på deg på best mulig måte.
– Når du fyrst har bestemt deg for å få barn, har du tatt eit val som gjer at du må ta på deg ansvaret for at barnet skal ha det bra og ha alt det treng, seier Halvor, og legg til:
– Foreldre kan ikkje berre la barnet gå fritt. Når dei er strenge, betyr det at dei vil det beste for deg og at dei ikkje vil du skal hamne i trøbbel.
I fellessamlinga snakka dei om at alle barn har rett til privatliv. Kva då om mamma sjekkar Facebook-en din? Elevane blei utfordra til å svare på om dette var greitt eller ikkje. Nokre få elevar svara at dei syntest det var greitt.
– Det kan vera greitt at mamma sjekkar det viss ho er redd for at eg skriv noko stygt til andre, for eksempel, svara ein elev.
Det er barneombodet samd i.
– Det er viktig at de blir einige med foreldra dykkar om korleis de skal vera på internett og med telefonen. Foreldre har ansvar for barna. Samtidig har barna rett til privatliv. Så det er ei vanskeleg grense der. Foreldra har ikkje lov til å gå inn på e-posten eller Facebook-kontoen din berre fordi dei er nysgjerrige. Men viss dei trur at du ikkje har det bra, eller at du ikkje er grei mot andre, då har dei ansvar for å sjekke. Då bør de kanskje gjera det saman og lage ei avtale om det, foreslår barneombodet.
Har rett til å bli høyrd
Åse Linnea og Halvor er også opptekne av barns rett til å seie meininga si og bli høyrde. Åse Linnea sit i barn og unges kommunestyre i Vinje, som skal vera ein viktig kanal for å sikre at barn og unge skal kunne påverke politikken, og at dei blir høyrde i saker som gjeld dei.
– Som regel snakkar me om ting me treng til skulen. Bordtennisbord, for eksempel, seier Åse Linnea.
Halvor understrekar at det å bli høyrd ikkje er det same som å få bestemme. Barneombod Anne seier det er dumt at mange snakkar om at det har gått for langt, at barna har tatt makta frå foreldra.
– Barn har ikkje moglegheit til å rive til seg makt utan at foreldra er med på det. Då er det i tilfelle dei vaksne som ikkje har teke ansvaret sitt, seier ho.
Halvor nikkar.
– Det er viktig at det er balanse, seier han.
Hovudkonklusjonen er dei samde om, både Åse Linnea, Halvor og barneombod Anne:
Barn skal ha dei same rettane som alle andre.