Kva digital kompetanse barna får på skulen varierer mykje frå skule til skule, viser ny forsking.

NPK
NPK

– Kor mykje barna lærer om bruken av nettbrett og smarttelefon på skulebenken er avhengig av kva skule du tilfeldigvis går på, meiner seniorforskar Petter Bae Brandtzæg ved Sintef.

Han kallar utviklinga urovekkjande, skriv Gemino.no, som formidlar forskingsnyheiter frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) og Sintef.

Brantzæg er ein av forskarane bak Barn og medier-rapporten for 2014 som nyleg blei lagt fram. I rapporten kjem det fram at bruken av mobil og nettbrett har auka svært mykje dei siste åra. Forskarane meiner skulen kunne vore ein god arena for å utjamna skilnader i den digitale kompetansen til barna, men konstaterer at det motsette er tilfelle, skriv Gemini. (©NPK)

LES OGSÅ: Enorm vekst av nettbrett og mobil

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.51

LES OGSÅ

ANNONSE