Vil smelta vinteris med sommarsol
Vegvesenet vil utnytte sola på E39.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Sommarsol skal gi isfri E39
I samband med planlegginga av ein ferjefri E39 på Vestlandet, undersøkjer no Vegvesenet moglegheitene for å samle opp sommarvarmen i svart asfalt og bruke han til å tine bru-is om vinteren.
Saman med Trafikverket i Sverige og Chalmers tekniske universitet i Göteborg har Statens vegvesen involvert seg i eit doktorgradsprosjekt som skal sjå på ulike måtar å lagre solenergi i infrastruktur på.
– Mange arbeider i dag med å utvikle nye metodar å lagre energi på, fleire av dei er framleis i ein prøvefase. Via doktorgraden i Göteborg håper vi på å få betre kunnskap om dei ulike alternativa, seier prosjektleiar Olav Ellevset i Vegvesenet til Teknisk Ukeblad.
Allereie i dag blir asfaltvarme fleire stader lagra i vassbasseng, men denne metoden er både kostbar og plasskrevjande. Alternative lagringsmedium kan vere spesialbetong eller nanomaterialet grafén. (©NPK)