Revidert Lama
Etter den siste tidas diskusjonar i Norge, har planane for Dalai Lamas besøk i landet no blitt endra.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kalvø: Revidert Lama
Dalai Lama er kjent for å vere raus og tolerant. Det står faktisk i stillingsbeskrivelsen hans. Managementet til Dalai Lama (Lama Event) har derfor jobba beinhardt for å snekre saman eit nytt opplegg for besøket i Norge, eit opplegg som gjer at alle får det akkurat som dei vil.
I dag blei det justerte programmet for norgesbesøket offentliggjort:
Onsdag 7.mai:
Dalai Lama kjem til Norge onsdag morgon, men har ikkje tenkt å gjere eit altfor stort poeng ut av det. Han kjem ikkje til å skrive «Finally on my way to Norway, enemy of China» på twitter, men for eksempel «Finally on my way somewhere». Eventuelt kjem han til å skrive noko typisk lamask som kan bety kva som helst, for eksempel: «Remember to mind your own self in the honest self of the mind».
Det er ordna slik at når Dalai Lama tek sine første steg på norsk jord, så har utanriksminister Børge Brende og stortingspresident Olemic Thommessen noko skikkelig viktig å drive med ein heilt annan plass.
Rett etter landing, blir det anledning for ungdomspolitikarar og opposisjonspolitikarar til å stå skikkelig nær Dalai Lama og bli tatt bilde av medan dei smiler og kjenner seg modige. Dei som ønsker det, kan også få lov til å ta på Dalai Lama og bli filma medan dei seier «Sjå kor tøff eg er».
Journalistar vil få anledning til å stille spørsmål til den tidligare fredsprisvinnaren, men berre om fiskeeksport og teite norske politikarar. Dalai Lama vil svare slikt som «The honest mind is conscious of the self of the mind of the self and honesty in the face of difficulty».
På flyplassen vil det bli ordna eit eige lite inngjerda område på trygg avstand frå alt, der samtlige norske politiske kommentatorar kan stå og seie til kvarandre at dei synest den norske regjeringa er feig.
Etterpå blir det lunsj på Nobelinstituttet, der det blir rikelig anledning til å ta bilde av Thorbjørn Jagland som smiler stoltflau og Geir Lundestad som snakkar i fistel. Ungdomspolitikarar, opposisjonspolitikarar og andre som ikkje har noko dei skal ha sagt, kan få stå utanfor vinduet med banner av typen «Heia Lama!»
Samtlige norske politiske kommentatorar kan få stå på andre sida av gata, langt unna alt, og vere fullstendig enige med kvarandre om at det er viktig å ha sine eigne meiningar og stå for dei.
Medan Dalai Lama er på Nobelinstituttet, har Børge Brende og Olemic Thommessen lunsj med nokon som er skikkelig viktige. Kvarandre, kanskje.
Når Dalai Lama er på veg ut frå lokala til Nobelinstituttet, kan Audun Lysbakken og Trine Skei Grande få lov til å ta på han og smile og kjenne seg tøffe. Viss dei får det til. Og det er slett ikkje sikkert.
Torsdag 8.mai:
Dalai Lama held foredrag på univeristetet. Temaet er som vanlig: «Mindful compassion and responsibility of mind, self, mind and self. And mind. And self.»
Forelesinga er open, men frivillig. Børge Brende og Olemic Thommessen vil på det aktuelle tidspunktet vere opptatte med å ete fisk. Norske politiske kommentatorar vil sitte i ein annan forelesingssal, ganske langt unna, og snakke med kvarandre om å ha ryggrad. Og norske opposisjonspolitikarar vil få anledning til å stå utanfor og samle inn pengar til Tibet-saka gjennom å tilby folk å betale ti kroner for å kaste svampar på bilde av Børge Brende.
Når Dalai Lama er på veg ut, er det rom for at Trine Skei Grande og Audun Lysbakken kan få slå seg sjølve på brystet. Men ikkje for hardt.
Fredag 9. mai:
Fredag vil Dalai Lama sitte inne åleine og tenke. Han vil mellom anna tenke mykje på om dette besøket eigentlig var ein god idé. Audun Lysbakken, Trine Skei Grande og ein del fotografar som verkelig ikkje har noko betre å gjere, vil stå utanfor og skrape på døra.
Først publisert i Aftenposten 26. april.