Ansiktet til Hallgeir vart knust

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fekk ansiktet knust i ulukke

Då Hallgeir kom til sjukehuset var heile ansiktet hans knust, og han låg i koma i fleire veker. Etter det har han vore gjennom 30 operasjonar. Han må framleis gjennom fleire.

– Reidar Mathiesen var ambulansesjåføren som henta meg då eg landa i Bergen med luftambulansen, og han køyrde meg så til Haukeland universitetssjukehus, fortel Berge.

Like før hadde Berge sovna bak rattet og krasja rett i fjellveggen i Gudvangatunnelen.

Skjebnemøte

Møtet mellom dei to var emosjonelt og prega av gjensynsglede.

– Det var ein stor overraskelse å møta Reidar så mange år etter ulykka. Eg har stor takknemlighet for alle i norsk helsevesen som har bidratt for min mirakuløse kamp tilbake til livet.

LES OGSÅ: Her har fjorten mista livet på tolv år

Reidar Mathisen minnest hendinga svært godt av fleire grunnar.

– Sjølv om eg berre køyrde Hallgeir ein kort etappe frå ambulansen til sjukehuset, gjorde det sterkt inntrykk. Vanlegvis lukta det sterkt av parafin av gamle ambulansehelikopter etter landing, men når vi opna dørene i helikopteret som Hallgeir kom med, lukta det berre blod, fortel Mathisen.

Ullykka til Hallgeir var svært alvorleg, og mykje omtalt i media i tida som følgde.

Etter at redningsmannskapet har klipt opp bilen, og fått ut passasjerane, startar dei med livredning. I denne ulykka gjekk det ikkje så bra. Sjåføren døydde av indre blødningar, og likbilen kom like etterpå. Foto: Lillian Sivertsen

Mista ansiktet og minnet

Då Hallgeir kom til sjukehuset var heile ansiktet hans knust, og han låg i koma i fleire veker.

– Då eg vakna hugsa eg ingenting. Eg visste ikkje kven eg var, eller kva som hadde skjedd. Eg kjende ikkje ein gong igjen mi eiga mor, fortel Berge.

LES OGSÅ: Står klare til å redda liv i helga

Han måtte starta på nytt igjen med alt. Elleve år etter ulykka er det framleis ting han ikkje hugsar.

– Minna har komme gradvis tilbake, og eg høyrer folk seier at eg har den same personligheita endå, seier han.

Sjølv føler Hallgeir at han har forandra seg mykje, og at han prioriterer heilt annleis no enn før.

Frå ulykka og fram til i dag har Hallgeir vore operert over 30 gonger med full narkose. Den siste gongen var for ein månad sidan. Han kan ikkje lukka att det eine auget sitt, og så har han dobbeltsyn. Difor bruker han ein sort lapp over eine auget. Operasjonen var ikkje vellykka, og dermed så ventar nok ein operasjon på Hallgeir.

Han har no engasjert seg i humanitært arbeid, spesielt blant asylsøkarar.

LES OGSÅ: Sterk melding til Russ 2013: – Ver så snill, la oss sleppa og klippa deg ut av eit vrak

Under russearrangementet torsdag heldt han eit tankjevekkjande foredrag om ulykka, og alt han har vore gjennom. Hallgeir håper berre at han når fram til ungdommen med si historie.

Les saka i Nordhordland!