Samlar seg for fabelprosaen
– Vi opplever ein fabelprosavår her i landet


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I takt med at det blir skrive meir innan sjangrane fantasy og science fiction enn på mange tiår, har forfattarane no samla seg i ei ny foreining.
Det skjer under det heilnorske namnet Fabelprosalauget. Foreininga skal fungere både som ein møtestad for forfattarane av denne sjangeren, så vel som å fremme og synleggjere fabelprosaen.
– Vi opplever ein fabelprosavår her i landet. Det har ikkje vorte skrive så mykje fabelprosa sidan Bing & Bringsværd på 1960- og 70-talet, seier Jon Ewo, styreleiar i Fabelprosalauget. (©NPK)