«Jesus» banka «påskehare»

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Analyseselskapet Retriever har registrert slike ord i tida frå 1. april og fram til og med tysdag i påskeveka og har notert seg «Jesus» 1200 gonger. «Påskeferie» er det mest brukte ordet, med 1442 tilfelle.

Ifølgje fagbladet Journalisten forklarer kunde- og analysesjef Kristina Nilsen i Retriever at ordet «påskeferie» gjerne vert nytta i samband med hendingar i påska.

– Ser vi bort frå det generelle ordet påskeferie er det «Jesus» som er kongen av påska, også i media. Særleg har lokalavisene mykje påskestoff der Jesus er sentral, som til dømes reportasjar frå barnehagar eller intervju med soknepresten, seier Nilsen.

Ulike påskequizar er også med på å gi ordet «Jesus» ein plass mellom dei mest brukte påskeorda..

Retriever har kome fram til at dette er dei mest brukte påskeorda i norske media:

Påskeferie  ……  1442
Jesus  ………….  1200
Påskefjellet  …….  524
Påskeegg  ………  503
Påskesol  ………..  301
Kvikk Lunsj  ……  191
Påskehare  ……..  163
Påskekylling  …..  115
Korsfestelse …..   112
Påskelam ……..   107
Påskequiz  ………  89
Påskemorgen ….. 87
Hosianna ………… 65

Les saka i Vikebladet!