Pixeleventyret i Floridavegen 17

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utviklar og presseansvarleg i D-Pad Studio, Jo-Remi Madsen, var 21 år gamal og hadde flytta til England for å jobbe, då han i 2008 møtte like gamle Simon Stafsnes Andersen. Andersen hadde ein idé til eit eventyrspel om ei ugle han gjerne ville vise Madsen.

– Simon trengte berre å vise meg fem minutt av spelet før eg forsto at eg måtte dra tilbake til Norge for å hjelpe han med å gjere det ferdig, fortel Madsen som straks gjorde guterommet i Floridavegen 17 på Askøy til hovudkontor for spelproduksjonen.

Seks år seinare er D-Pad-staben utvida til fem tilsette, men Owlboyframleis ikkje ferdig. Dei unge spelutviklarane har likevel vore med på eit eventyr: Uglegutten Otus frå Owlboy er verdskjendis lenge før nokon har sett ein fullverdig versjon av spelet, og i fjor sommar tok D-Pad-gjengen fri frå Owlboy og skaptespelsuksessen Savant Ascent på fem korte sommarveker.

Musikalsk actionhelt

Savant Ascent vart kåra til årets norske spel på Gullstikka-utdelinga, og har på kort tid seld over 200.000 eksemplar. Spelet er laga med utgangspunkt i musikken til Aleksander Vinter, kjent som Savant. For kvart nye nivå får spelaren tilgang til nye låtar frå artisten si femteplate – Alchemist – samstundes som den musikalske actionhelten utviklar eigenskapane sine.

– Målet var å lage eit spel som stod i stil til musikken og karakteren Savant, forklarar Madsen. – Savant var dessutan vårt svar til dei som trudde me var treige. Me ville vise at me kunne produsere eit spel av høg kvalitet på kort tid.

Fordi det har gått over seks år sidan selskapet starta å jobbe med Owlboy,har det nemleg oppstått eit rykte i spelverda om at dei tre utviklarane er litt treige av seg.

– Men det tar ikkje lang tid fordi me er treige, insisterer Madsen. – Owlboyer berre eit enormt prosjekt. I 2011 gav me ut ein demo, og har etter det jobba med tilbakemeldingane me fekk. Det er ei nesten utømmeleg liste med ting som har vorte forbetra sidan me gav ut demoen.

Uglegutt og Askeladd

Trass suksessen til Savant Ascent, er Owlboymed andre ord framleis hovudprosjektet. Madsen presenterer universet i spelet som ei «ei stor, fargerik og flygande verd», og han samanliknar historia med eventyret om Oskeladden og hjelparane:

– Ein speler som Otus, ei ugle som likt med Oskeladden plukkar opp ting og personar som vil hjelpe til med å løyse ulike problem, eller kjempe mot fiendane. Vellie, staden Otus kjem frå, er nemleg trua av luftpiratar.

Potensiell eksportvare

Det merkverdige med Owlboy, er kor mange fans spelet har fått før nokon har prøvd fullversjonen. I 2010 vart spelet nominert til prisen beste uavheninge spel under Game Developers Conference i San Francisco, og i august var D-Pad eit av ti selskap som fekk vise fram eit spel på den store spelmessa PAX i Seattle.

– Det var utruleg mange folk på messa som viste interesse for spelet, og eg fekk møte spelutviklarar eg har sett opp til lenge, mimrar Madsen.

– Var det berre business eller fest?

– Me skil ikkje mellom fest og business når me er ute og reiser. Jobben vår er knytt veldig sterkt saman med kvardagsliva våre, og me er blant dei som viser fram spela våre sjølv om folk drikk og dansar.Vikings on Trampolineser eitt av dei, og ettersom det er eit partyspel, fyrer me det opp i slike samanhengar.

Brukte alt dei hadde på Owlboy

Litt festing kan nok vere sunt for D-Pad-gjengen. Madsen fortel at ein typisk arbeidsdag varar frå han står opp, til leggetid:

– Eg svarar på e-post frå utgivarar, presse og fans, og les nyhende frå spelverda, før resten av dagen går med til å preike med teamet og programmere.

Madsen har også tidlegare uttalt at det er lite forskjell på privatøkonomien og økonomien til D-Pad Studio, og at han og Andersen derfor sjeldan vel å investere i dei sosiale liva sine.

– Du har sagt til gamer.no at dersom me «velger å gå på kino så vet vi at det er penger vi kunne ha brukt på Owlboy». Det høyrest litt mørkt ut?

– Ja, dette var jo på den tida då me ikkje hadde inntekter. No når Savantsel så det suser, har me faktisk hatt råd til å betale lønningar og skaffe nytt utstyr. Me har fått enormt mykje tilbake for den korte tida me brukte på å lage Savant. Snart er me kanskje i stand til å føre tilnærma normale liv, og skaffe oss eitt skikkeleg kontor!

Eventyrspelet Owlboy er designa med pixelgrafikk, inspirert av dei gamle Super Nintendo-spela.

Pixelunivers

Det store spørsmålet er sjølvsagt korleis eit spel laga på eit guterom på Askøy kan hamne på dei største amerikanske spelmessene lenge før det er ferdig, eller som Savant Ascentselje i over 200000 eksemplar på få veker. Madsen meiner pixelgrafikken er ein stor del av forklaringa.

– Spesielt «pixelarten» i Owlboy er utruleg flott. I tillegg bruker me mykje tid på å få speluniverset til å sjå levande ut. Me har også vore flinke å skape interesse for spelet opp gjennom åra, rett og slett ved å gjere oss tilgjenglege for fans, preike med folk om spelet, og reise rundt for å vise det fram. Me er veldig glade i å møte fansen. Er det ei messe me har tid til å reise på, pakkar me sakene våre med det same.

– Spelgrafikken og estetikken har vel forandra seg rimeleg mykje sidan 2008. Kva gjer at de framleis har trua på at Owlboy vil fungere?

– Owlboysin kunststil er tidlaus, og me er ikkje avhengige av nye grafiske nyvinningar på verken PC eller konsollar for å få Owlboytil å sjå fantastisk ut. Owlboy er enklare å samanlikne med eit kunstverk enn med teknologisk grensesprengande grafikk. Etter kvart som PC-ane har vorte kraftigare kunne me alltids lagt inn fleire effektar, meir realistisk fysikk, fleire fiendar eller større område, men eit spel som Owlboyvil ikkje bli betre av å ha desse tinga på plass. Me fokuserer på animasjonar, spelflyt og korleis miljøa er. Det er noko av det som gir Owlboy sjarmen sin.

Etterpå

Lanseringsdatoane har dei siste åre vore for mange til at Madsen vil seie noko om når Owlboyer i butikken. Han har heller ikkje konkrete planar for kva han skal gjere når spelet er ferdig, men er ikkje redd for å gå arbeidslaus:

– Ein ting lanseringa av Savant lærte oss, var at sjølv om spelet er ute, vil det gjerne ta meir av merksemda til utviklarane enn det gjorde før lanseringa.

Å sleppe Savant Ascentpå marknaden har også førebudd Madsen på meir absurde problem. Då spelet skulle inn i appbutikken til Apple fekk D-Pad problem med nynorsken:

– Systemet deira godtok ikkje adressa vår fordi me hadde skrive «Floridavegen» og ikkje «Floridaveien». Det tok oss tre månader med support hos Apple å finne problemet. Det var ikkje nok med eitt slag i panna då eg fann ut av den feilen!

Den musikalske actionhelten Savant har selt i over 200000 eksemplar på kort tid.