– Slik vert det minimalt med flaskeknusing, seier lensmann Ivar Hellene.

Lisa Maria Breistein Sølvberg, Avisa Hordaland
Lisa Maria Breistein Sølvberg, Avisa Hordaland

Det er tredje året at politiet, daglegvarebransjen og kommunen går saman for å hindra flaskeknusinga i russetida. Det er Voss, Vaksdal, Granvin og Ulvik kommune som er med på tiltaket.

LES OGSÅ: Skal avsløre sanninga om fylla 

– Russen også positive
– Dette har vore eit utruleg vellukka prosjekt og me får berre positive tilbakemeldingar – også frå russen, fortel lensmann Hellene.

Det er brune ølflasker i størrelse 0,33 liter som forsvinn frå butikkane, og Hellene forklarer at dette stoggar 90 prosent av flaskeknusinga.

– Det er særleg i Prestegardsmoen dette har vore eit problem tidlegare. Flaskeknusinga kunne føra til skadar på folk og fe, så det kan godt vera dette sparar oss i politiet for arbeid og. Me får mykje skryt for dette frå hundeeigarar, badarar og andre, seier lensmannen.

LES OGSÅ: Rusforskar ber unge slappe av og drikke litt 

Flaskestogg i ein månad
Også Ole Martin Vevatne, avdelingsleiar for bygg og eigedom i Voss kommune, er glad for at tiltaket deira gjev resultat.

– Me i parkvesenet merkar tydeleg at det er mindre glasbrot å plukka opp og det er kjekt at alle kjem med positive kommentarar. No når me har gjort dette fleire år på rad trur eg folk berre tenkjer på det som ein vane og tykkjer det er positivt, seier Vevatne.

Dei brune ølflaskene vil ikkje vera å sjå i daglegvarebutikkane i perioden 23. april til 31. mai.

– Frå gamalt av var det mykje glasbrot å rydda etter opninga for russen 1. mai, men no er dei vorte ein merkbar endring. Det er mai som har vore hovudproblemet. Men for min del kunne me godt innført dette heile året, seier Vevatne frå kommunen.

LES OGSÅ: –  Ungdom fortener betre råd  

Takkar handelsstanden
Lensmann Hellene forklarer at dette er eit tiltak dei vil prøva å fortsetja med i åra framover, og han rosar butikkane for å ta del i prosjektet.

– Det er handelsstanden som verkeleg skal ha takk for dette, om ikkje alle hadde sagt ja ville det vorte vanskeleg å gjennomføra. Men no når alle butikkane er med så tapar dei ikkje noko på dette.

Det er totalt 24 butikkar som er med på tiltaket i dei fire kommunane.

Saka var først publisert i Avisa Hordaland. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.51

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE