Ta ein quiz – bli smartare!
Quiz fungerer som ein turbo på hjernen, viser amerikansk forsking.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Me lærer betre ved å testa oss sjølv undervegs. Det viser forsøk som psykologane Katherine Rawson og Mary Pyc ved Kent State University i Ohio har gjort, ifølgje Forskning.no.
Dei lét to grupper forsøkspersonar pugga 48 glosar på Swahili. Éi gruppe fekk testar undervegs, den andre skulle berre pugge.
Det viste seg at gruppa som tok testane samla sett lærde glosene tre gonger betre enn dei som berre pugga. Nøkkelen til forbetringa ligg i å bruka stikkord eller hugsereglar.
På Framtida.no kan du testa deg sjølv i nokre av dei kring 50 quizane våre!