Taper millionar på snømangel
Samla omsetning i alpinanlegga denne vintersesongen er venta å bli om lag 900 millionar kroner. Det er ein nedgang på 10 prosent samanlikna med fjoråret.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Alpinanleggenes Landsforening (ALF) er likevel nøgd ettersom fjoråret, med 980 millionar kroner i omsetning, var det beste nokon gong for Alpin-Noreg. Årets resultat er betre enn 2010/11-sesongen, som også hadde ruskevêr og sein påske og enda på 885 millionar kroner i samla omsetning.
LES OGSÅ: Høgt og lågt
Dårleg i sør og vest
Rett før påske ligg det an til at samla omsetning i alpinanlegga i vinter får ein nedgang på mellom 5 og 10 prosent i forhold til førre vintersesong, seier generalsekretær Andreas Rødven i ALF.
Årets vintersesong har vore prega av uvanleg store variasjonar mellom alpinanlegga, og vêret dei kommande påskedagane avgjer om reduksjonen i samla omsetning blir nærmare 5 enn 10 prosent.
Medan nokre alpinanlegg i vest og sør må stengje før påske, har andre rekordmykje snø og forlengjer sesongen til langt uti mai.
Både i Hemsedal, Trysil, Hafjell og Kvitfjell er forholda svært bra, medan alpinsentra i Eikedalen og Kvamskogen i Hordaland har måtta stengje før påsken er i gang. (©NPK)