– Kyrkja var nok meir tidsriktig før

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fryktar prestemangel

– Om folkekyrkja vert meir attraktiv, vil det å verte meir attraktivt å jobbe der, trur Martin Braut Tjelle.

Han går femte, og nest siste året på teologistudiet på Det teologiske menighetsfakultet. Det betyr at han nærmar seg arbeidslivet. Og det ser ikkje ut til at han vil mangle jobb.

I dag er ein av tre prestar i Den norske kyrkja over seksti år, medan berre to av ti er under 40, ifølgje Presteforeininga. Kulla som vert utdanna er langt frå store nok. Det uroar både Presteforeininga og teologistudenten.

– Konsekvensen vert at det vert færre kyrkjer i drift og færre gudstenester i månaden, spår Tjelle, som trur at ein del prestar vil verte lenger i tenesta, så sant dei får lov av arbeidsgjevaren sin.

 LES OGSÅ: Færre nordmenn går i kyrkja

Karismatiske kyrkjer
Framtida møter teologistudenten frå Klepp på Jæren på Studenterhjemmet i Oslo der han held hus.

– Byane tek dei unge engasjerte kristne og det er ein tendens til at unge trekk mot dei meir karismatiske frikyrkjene, forklarar Tjelle, som trur dette er naturleg då små stader ikkje kan konkurrere med større byar og studiestader. Han trur mange vil vende attende til distrikta etter studietida.

– Kyrkja som heilskap må appellere meir, meiner Tjelle, som sjølv har vakse opp i nær tilknyting til Guds hus.

I likskap med både far, bestefar og onkel kjente han prestekallet. Allereie som 17-18-åring bestemte han seg for karriereveg.

 LES OGSÅ: Vanskelegare å få prestar ut i distrikta

Ikkje løn som lokkar
I fagforbundet har svak lønsutvikling samanlikna med privat sektor vorte utpeikt som ein av utfordringane knytt til rekruttering.

Tjelle er ikkje heilt sikker på kva ein prest tener, som dei fleste andre går han inn i yrket av ideologiske grunnar. Han hadde valt yrket sjølv med halve løna, men medgjev likevel at òg prestar må tene til livets opphald.

Korleis kyrkja kan verte meir populær er det store spørsmålet. Martin drøymer om ei kyrkje som er ein levande og samlande del i bygda. Kanskje er det ikkje gudstenestene, men andre aktivitetar som er mest eigna til dette.

– Storsalen meinigheit arrangerte valentinfest for prostituerte og narkomane. Då kom det mange frivillige, og fascinerande mange av desse var ikkje engasjerte i kyrkja, fortel 25-åringen, som sjølv drøymer om ei delt stilling som fengselsprest og vanleg meinigheitsprest.

LES OGSÅ: Fleire besøkte utmeldingssidene til Kyrkja 

Kyrkjebråk
Den siste tida er det mange som har uttrykt misnøye etter at kyrkja ikkje gjekk inn for å laga liturgi for homofil vigsel. Jærbuen ser det ikkje som berre dumt at fleire ser ut til å ville melde seg ut.

– Eg trur det er bra for folk å ta eit standpunkt.

Avgjersla på kyrkjemøtet førre veke er noko som har engasjert mange, naturleg nok òg teologistudentane.

– Det er noko me har snakka mykje om. Det er på ein måte eit trehoda troll. Du har ein part som er veldig sterkt imot, ein part som ikkje heilt veit, og ein som er veldig sterkt for, forklarar 25-åringen.

Sjølv er han ein av dei som ikkje heilt veit, og tykkjer difor at spørsmålet er ekstra vanskeleg.

– Eg klarar ikkje bestemma meg. Det er ei innvikla sak, seier Tjelle, som meiner det heile kokar ned til bibelsynet.

LES OGSÅ: Melder seg ut av Presteforeningen i protest 

– Gud er glad i homofile
At kyrkjemøtet heller ikkje kom fram til forbøn for homofile, ser han som eit teikn på at ingen av sidene vil inngå kompromiss.

– Det alle er einige om, sjølv om det kanskje ikkje kan verke slik, er at Gud er glad i homofile. Men her er det veldig vanskeleg å skilje mellom person og sak, seier teologistudenten, som skjønar godt at det ikkje opplevast som kjærleik når ein ikkje får vigslast.

Han skjønar òg at det kan verke tvitydig og kallar det “det dobbelte kjærleiksbodskap”.

– Kyrkja snakkar om å vere raus og inkluderande, noko ho ynskjer å vera, sjølv om det  vart nei til homofil vigsel. Eg skjønar at det kan verke som ord, men ikkje handling, seier Tjelle, som sjølv opplever at folk i kyrkja er opne ovanfor homofile.

Framtidstru
Teologistudenten er spent på framtida, men er sikker på ein ting:

– Folk vil gå i kyrkja i årevis framover.

Han trur at andre ting enn gudsteneste og kor, kan vere verkemiddel for å samla folk i fellesskap. Det kan vere loppemarknad, musikal eller skodespel.

– Kyrkja var nok ein meir tidsriktig ting før, men guds ord er alltid tidsriktig og eg trur heller ikkje gudstenestene er gått ut på dato, avsluttar den komande presten.