Medan eit regjeringsutval helst vil ha kommunar med minimum 15.000 innbyggjarar, viser det nyaste Kommunebarometeret at mindre kommunar gjer det betre.

NPK
NPK
Faktaboks

Kommunebarometeret er ikkje ei spørjeundersøking. Målinga inneheld i år 127 ulike nøkkeltal innan 13 forskjellige kategoriar.

LES FAKTALUKK FAKTA

Berre tretten av dei femti beste kommunane som er rangerte som dei beste å bu i, har over 15.000 innbyggjarar, ifølgje kommunebarometeret utarbeidd av Kommunal Rapport.

Høylandet i Nord-Trøndelag med 1.263 innbyggjarar toppar lista. Deretter følgjer Lom med 2.364 innbyggjarar og Leikanger med eit folketal på 2.255.

Signy Irene Vabo, som leier ekspertutvalet til regjeringa, seier til NRK at ho meiner resultatet heng saman med at eldre og personar med lågare utdanning, som det er fleire av i små kommunar, ofte svarar positivt på denne type undersøkingar.

I tillegg meiner ho at små kommunar har fordel av høgare inntekter og difor kjem godt ut.

Ordførar i Leikanger Olav Lunden (Ap) trur på si side fram nærleiken til innbyggjarane har mykje å seia.

– Eg trur at dersom du har lengre avstand til ting, så vil tenestene også bli litt meir utvatna og ikkje lagt så mykje sjel i, seier han. Han fryktar at samanslåing av fleire kommunar til ein storkommune vil føra til dårlegare tenestetilbod.

Også professor Nils Aarsether ved Universitetet i Tromsø er skeptisk til at større kommunar vil gje betre tenester.

– Utvalet har heilt rett i at større kommunar gjev større fagmiljø. Men folk som bur i kommunar med store fagmiljø rapporterer på ingen måte at dei er meir nøgde med tenestene, samanlikna med dei som får teneste frå mindre fagmiljø, seier han. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.51

LES OGSÅ

ANNONSE