Rolig no! Rolig!

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kalvø: Rolig no! Rolig!

Slapp av. Ta det heilt med ro.

Ja, den største sikkerheitsfeilen i Internetts historie er oppdaga. Og ja, det kan hende at omsynslause gangsterar har hatt tilgang til alle kontoane dine, alle dei private bilda dine og alle andre opplysningar om livet ditt i fleire år. Og ja, dette er sannsynligvis den største katastrofen på jordkloden sidan 2. verdenskrig.

Men det er ingen grunn til å få panikk.

Dette er alt du treng å gjere for å vere heilt trygg på Internett:

1. Skift alle passorda dine no med ein einaste gong.

2. Skift alle passorda dine ein gong til.

3. Skift alle passorda dine endå ein gong.

4. Skift alle passorda dine kvar dag resten av livet.

5. Ha ulike passord for ulike tenester.

6. Vel passord som er vanskelige å gjette. For eksempel: X87lalaLa?47heKsa.

7. Sidan slike passord er vanskelige å huske også for deg som skal huske dei, må du lage deg eit huskesystem som er vanskelig å knekke for omsynslause gangsterar som vil ha tilgang til alle kontoane dine, alle dei private bilda dine og alle andre opplysningar om livet ditt. Du må for all del ikkje skrive ned passordet nokon stad, men du kan skrive det i kode, for eksempel Y98alaLal!36trolLmannen, eller røvarspråk. Her er det verd å merke seg at heller ikkje kode eller røvarspråk er sikkert. Så du må skifte kode eller røvarspråk minst like ofte som du skiftar passord, helst ein gong før lunsj og ein gong etter lunsj kvar dag resten av livet. Det kan også vere lurt å stå opp midt på natta og skifte kode og/eller passord. Dette forvirrar gangsterar, som ofte jobbar om natta, ofte i dårlig lys. Såpass skumle er dei faktisk.

8. Ikkje stol på nokon.

9. Det er for eksempel ikkje sikkert at du kan stole på alle råda som kjem no frå ulike ekspertar eller representantar for styresmaktene desse dagane. Dei ser kanskje hyggelige ut og har dress, men det kan vere gangsterar som har kledd seg ut. Det er typisk gangsterar. Så for sikkerheits skuld bør du både gjere som ekspertane rådar deg til og det motsette av det ekspertane rådar deg til, for eksempel skifte passord og så skifte tilbake til det gamle med ein gong.

10. Det er sjølvsagt heller ikkje sikkert at du kan stole på meg. Så for sikkerheits skuld bør du gjere det motsette av alt eg til no har råda deg til.

11. Eller bør du det? Det kan hende eg er ein gangster forkledd som spaltist, og at det motsette av det eg rådar deg til, er akkurat det eg vil at du skal gjere. Moahahahaha!

12. Det er dessutan ikkje heilt sikkert at du kan stole på deg sjølv. Du kan tru at du har kontroll, men så er du på pub ein dag og drikk litt for mykje og kjem i snakk med ein litt merkelig fyr som heiter Per, som verkar uskyldig nok, og før du veit ordet av det så seier du til Per: «X87lalaLa?47heKsa». Eg seier ikkje at det er sannsynlig. Men det kan skje. Rarare ting har skjedd på pub før.

13. Sidan du ikkje kan stole på deg sjølv, er det lurt å la nokon annan finne på passord for deg, helst nokon som du ikkje kjenner og som har tausheitsplikt. For eksempel ein prest. Gå til presten, be han finne på eit passord for deg og love dyrt og heilagt (slikt ligg for prestar) at han ikkje skal avsløre passordet for deg før kirkemøtet har gått inn for å vie homofile. Minuset med dette er sjølvsagt at det då kan komme til å ta forferdelig lang tid før du får tilgang til dei tenestene du vil på nettet. Men det er det verd. Eit anna problem er sjølvsagt at du heller ikkje kan stole på prestar.

14. Det beste er nok å sjå vekk frå alle desse råda, og alle dei andre råda, slutte med Internett og gå over til skrivemaskin og blåpapir.

15. Eg har faktisk ei flott gammal skrivemaskin og ganske mykje blåpapir her, som du kan få, i byte mot passordet ditt.

16. Som sagt, det viktigaste: Ikkje få panikk.


Først publisert i Aftenposten 12. april.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!