Braksuksessen er klar for målrock.

Hanne Stedje, Sogn Avis
Hanne Stedje, Sogn Avis

Arrangørane sjølve meiner dei har den sterkaste plakaten på fleire år, ikkje minst fordi dei har fått Bernhoft med seg på laget.

Spennande sommar
– Han er nok kjend for dei fleste, ikkje minst fordi han gjorde braksuksess med det første albumet og stakk av med to Spellemannsprisar i 2012. I tillegg har han jobba mykje utanlands, mellom anna med turnear i USA, forklarer Thomas Norheim Moen, bookingsjef.

Går solo
Bernhoft-fans går soleis ein finfin sommar i møte, for i tillegg til å spela på målrock, skal Bernhoft sleppa ny plate neste laurdag.

«Islander» er tittelen på den tredje studioplata, der Bernhoft naturleg nok har med seg opptil fleire musikarar i ensemblet. Til scena i Meieriparken, derimot, kjem han heilt åleine.

– Bernhoft kjem utan band til målrock i år. Det var slik me ville ha det denne gongen, seier bookingsjefen, som også gler seg til å sjå Violet Road frå Tromsø på scena.

Toppar iTunes
– Berre på få år har Violet Road blitt publikumsyndlingar landet over, med popmusikk med fandenivoldsk stemning, trekkspel, mandolin og ein smakebit av svensk visetradisjon. Dei samarbeidde med Åge Aleksandersen på siste plata og har lege på toppen av itunes-lista, så dette blir veldig spennande, seier Norheim Moen.

Positiv overrasking
Han opplyser elles at kabalen er lagt og samtlege artistar booka til festivalen, som altså blir den tolvte i rekkja, men vil ikkje avsløra fleire namn i denne omgangen.

– Violet Road blir nok ei positiv overrasking for mange, og me er elles så klart utruleg stolte over at me har både dei og Bernhoft på plakaten i år, det er truleg ein av dei sterkaste me har hatt på mange år, meiner han.

Årets festival går av stabelen andre helga i august. Frå før er Karpe Diem, Staut, Fish, Gabrielle, Kari Bremnes og Imperial State Electric klare for scena i Meieriparken.

Les saka i Sogn Avis!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.51
ANNONSE