Livsfarleg kiting nær jernbanen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvar vinter åtvarar Jernbaneverket skiløparar mot farleg og ulovleg ferdsel over jernbanesporet på høgfjellet. Likevel kryssar skiløparar linja på stader der ikkje er lagt til rette for dette.

No åtvarar Jernbaneverket også kitarar, folk som nyttar skisegl, mot å kome for nær linja. Snorer og skisegl i kontaktleidningsanlegget kan vere livsfarleg og kan føre til langvarig driftsstans på jernbanen.

– Sjølv om «syndaren» sjølv ikkje skulle kome til skade, må køyrestraumen koplast ut, leidningen jordast og fagfolk med spesialvogn tilkallast for å klippe ned det som heng i leidningen, seier kommunikasjonssjef i Jernbaneverket vest, Inge Hjertaas. (©NPK)