Solberg: – DLD finst ikkje lenger

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– DLD finst ikkje lenger

Statsminister Erna Solberg (H) seier regjeringa ikkje kan implementere eit direktiv som ikkje lenger eksisterer, men at spørsmålet framover er kva slags nasjonal lovgiving Noreg skal ha.

Solberg blei møtt med fleire spørsmål om EU-domstolens ferske og knusande dom mot datalagringsdirektivet, då ho stilte i Stortingets spørjetime onsdag.

Domstolen erklærte tysdag det omstridde direktivet for ugyldig og for å bryte med dei grunnleggjande rettane til EU-borgarane.

LES OGSÅ: Snowden-avsløringar kan skapa vanskar for Noreg

Fleire parti spurde Solberg om regjeringa no vil stoppe arbeidet med direktivet, som etter planen skal implementerast i norsk lov innan 1. juli 2015.

– Det blir ikkje sånn at vi skal implementere eit direktiv som ikkje lenger eksisterer. For no eksisterer ikkje lenger dette direktivet, det er ikkje lenger gyldig, sa Solberg.

– Spørsmålet no er kva slags nasjonal lovgiving vi skal ha framover. Vi kjem til å vurdere framover om denne dommen vil få konsekvensar for dei reguleringane som Stortinget allereie har vedteke eller om vi kan få behalde alt, seier Solberg.

Ho minte om at Noreg har lagt seg på ei mykje strengare linje enn EU i personvernspørsmål, og seier det kan hende regelverket Noreg har valt ikkje er i strid med dommen. (©NPK)

Les fleire saker om overvaking og personvern her!

Faktaboks

Datalagringsdirektivet, av og til forkorta DLD, omhandlar lagring av trafikkdata.
Opplysningane skulle kunne nyttast til å kjempa mot kriminalitet og terrorisme. Direktivet er kritisert for å vera eit urimeleg inngrep i privatlivet.
Direktivet pålegg lagring av trafikkdata for e-post, ulike typar telefoni og internett-tilgang. Identitetar og tidspunkt for kommunikasjonen, og dessutan lokaliseringsdata for mobil kommunikasjon skal lagrast.
Minstetida for lagring er seks månader, maksimal lagringstid er to år.