Gyldendalprisen til Øyvind Rimbereid

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gyldendalprisen til Rimbereid

Gyldendalsprisen er ein fri forlagspris på 400.000 kroner som vert delt ut årleg til eit særleg betydelig forfattarskap, uavhengig av kva forlag forfattaren kjem ut på.

LES OGSÅ: – Nye norske nynorskpoetar har noko å seia

Utfordrande lyrikk
Prisen for 2013 går altså til forfattaren frå Stavanger, som debuterte med novellesamlinga «Det har begynt»i 1993.

Etter dette har han skrive romanen «Som solen vokser»ogromanen «Kommende år»før han debuterte som lyrikar med «Seine topografiar»i 2000. Og det er i denne sjangeren han har markert seg tydlegast som ein av dei mest originale og utfordrande stemmene i norsk samtidslyrikk.

Kritikaryndling 
Rimbereid har gjennom forfattarskåpet veksla mellom nynorsk og bokmål. Forfattarens språkbevisstheit byr lesaren på skarpe refleksjonar og nøyaktige sansingar, skriv Gyldendal i ei pressemelding.

Han har tidlegare vorte heidra med ei rekkje prisar for dikta sine. I 2008 vart han nominert til Nordisk Råds litteraturpris for samlinga «Herbarium», som same år også vann Brageprisen.

I 2010 vart han på nytt nominert til Nordisk Råds litteraturpris for samlinga «Jimmen»(2011).

Han er tildelt Kritikarprisen for samlingane «Solariskorrigert»(2004) og «Orgelsjøen»(2013), og er med det den einaste lyrikaren som har motteke Kritikarprisen to gonger.