– Byt passord no
Passord frå totalt 10.000 norske serverar kan vere på avvege. Alle bør byte alle passorda sine, lyder rådet frå styresmaktene.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Byt passord no, seier seniorrådgivar Vidar Sandland i Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS) til VG.
Denne veka blei feilen «Heartbleed» oppdaga i OpenSSL – ei teneste som skal beskytte mot at informasjon på nettet kjem på avvege. Feilen kan ha blitt utnytta av hackarar i to år.
Norwegian, Ventelo og Chess er blant dei norske selskapa som kan ha leke ut passord, brukarnamn og annan informasjon, skriv Dagens Næringsliv. I tillegg bruker dei fleste av nettbutikkane i verda, eposttenester og nettskyer OpenSSL.
– Sårbarheita er ekstremt enkel å utnytte, seier Sandland til avisa. (©NPK)