Venstre utfordrar regjeringa
Går inn for kutt i sjukeløna, oljepengebruk og klimautslepp.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Landsmøtet til Venstre i helga samla seg om ei rekkje saker som utfordrar regjeringa. Partiet vedtok krav om klimalov, elektrifisering av alle nye oljefelt og auke i CO2-avgifta.
Nestleiar Ola Elvestuen la fram ein tiltakspakke som vil kutta dei norske utsleppa med 8,8 millionar tonn innen 2020. Han vil blant anna ha 200.000 nullutsleppsbilar på norske vegar innan 2020.
– Skal me ha truverde som pådrivar i det internasjonale klimaarbeidet må me visa vilje og evne til å omstilla samfunnet i klimavennleg retning på heimebane. Dette er vår løysning for å forsterka klimaforliket, seier han.
Partiet gjekk òg mot evigvarende fiskekvoter og fjorddeponi av gruveavfall.
LES OGSÅ: Venstre vil stramma inn på oljepengebruken
Regjeringa tilbakeviser Venstre-forslag
Partiet er venta å møta motstand i både regjeringa og sentrumskamerat KrF etter at Venstre i helga gjekk inn for å avvikla kontantstøtta.
Landsmøtevedtaket om å senka prosentregelen for oljepengebruk frå 4 til 3, blir avvist av regjeringa:
– Me bør heller fokusera på korleis me bruker oljepengane for å sikre produktivitetsvekst i Fastlands-Noreg. Det er den viktigste faktoren for å sikra velferd til framtidige generasjonar, seier statssekretær Paal Bjørnestad (Frp) i Finansdepartementet til NTB.
QUIZ: Kva veit du om landets eldste parti?
Vil kutta sjukeløna
Landsmøtet i Venstre vedtok òg å kutta satsane i sjukeløna, men utan å konkretisera kor store reduksjonane bør bli. Eit forslag om kutt på 20 prosent, slik at arbeidstakarar som er sjuke berre får utbetalt 80 prosent av lønna, fall. Det same gjorde eit forslag om ein mer moderat reduksjon på 10 prosent.
LO-nestleiar Tor-Arne Solbakken meiner Venstre er blitt det meste ytterleggåande partiet når det kjem til arbeidslivspolitikk.
– Det er førebygging og tilrettelegging som gir resultat, ikkje økonomisk straff for å vera sjuk, seier han til NTB.
Regjeringa står òg fast på at dei vil vidareføre dagens sjukelønsordning som ho er.