Tar til motmæle mot reservasjonsrett

Stord ungdomsråd seier nei til reservasjonsrett for fastlegar, og ber politikarane i kommunen snu.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ungdomsråd mot reservasjonsrett

Sist veke vedtok eit fleirtal i komite for rehabilitering, helse og omsorg ein høyringsuttale som er positiv til regjeringa sin foreslåtte reservasjonsrett for fastlegar.

LES OGSÅ: Seier ja til reservasjonsrett

Dersom kommunestyret landar på det same resultatet, kan Stord kommune bli den første i landet som støttar forslaget.

Det ynskjer ikkje ungdomsrådet i kommunen, som på nettstaden Opprop.net har starta ein underskriftskampanje for å få fleirtalet av politikarane i kommunen til å snu. På sida til underskriftskampanjen skriv ungdomsrådet at dei meiner reservasjonsrett for fastlegar svekker unge sitt helsetilbod, og at det i tillegg er eit stort tilbakesteg for likestilling, menneskerettar og kvinnerettar.

– Me fryktar at både unge jenter og eldre kvinner ikkje vil få hjelpa dei har rett på og treng dersom dette går gjennom, seier leiaren i Stord ungdomsråd, Arja Myhre.

Saman med Anna Sofie Ekeland Valvatne tok ho initiativet til at ungdomsrådet skulle ta opp denne saka. Myhre har forståing for at somme fastlegar ikkje likar tanken på å måtta tilvisa kvinner til abort, men synest likevel ikkje det er godt nok.

– Det er pasienten sitt ynskje som er det viktigaste, og det er ein del av jobben til fastlegane å gjera uhyggjelege ting, seier Myhre.

Saka var først publisert i Sunnhordland.