– Skru av lyset for klimaet!

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er WWF (World Wide Fund for Nature) som står bak Earth Hour-markeringa, som starta i Sydney i Australia i 2007. Den gongen deltok 2 millionar menneske. I 2012 var så mange som 1,8 milliardar menneske med.

Her i landet blei jordtimen arrangert for første gong i 2009. Rundt to millionar nordmenn skrudde av lyset både i 2009 og 2010 og straumforbruket den timen arrangementet gjekk føre seg, gjekk ned med 250 millionar watt.

LES OGSÅ: Earth Hour blir meir populært 

Mørkt demonstrasjonstog
I år er Earth Hour integrert i WWF sin klima- og energikampanje «Det skjer!» for auka satsing på fornybar energi i kampen mot klimaendringene.

 Ifølgje WWF har jordtimen blitt ei viktig kollektiv markering.

– Det er den største kollektive meiningsytringa i verda. Det er som eit demonstrasjonstog som går over heile verda, der ein ikkje går i tog, men skrur av lyset, forklarer pressekontakt i WWF i Norge, Heidi Bang, til NRK.

I Noreg vil markeringa gå av stabelen mellom 20.30 og 21.30 laurdag 29. mars.

– Det er same klokkeslett over heile verda, så det flyttar seg med klokka. Det startar på Samoa og vert avslutta på Cook Island i Stillehavet, seier Bang.

LES OGSÅ: Tomt for angrepiller etter Earth Hour 

Frå nord til sør

Alle med tilgang til ein lysbrytar har sjansen til å bidra. Med andre ord eit arrangement for dei fleste.

– Det er det som er så fint, alle kan vere med. Det er kommunar, bedrifter, fylke, butikkar, skular, privatpersonar, ja alle kan vere med, seier Bang.

I Noreg har 201 kommunar meldt seg på i år. Det er 20 fleire enn rekorden på 181 frå 2011, melder Vikebladet. 

I tillegg har 56 landemerke/ikonbygg, 289 bedrifter, 35 kyrkjer/trussamfunn, 75 skular og barnehagar og 104 organisasjonar meldt frå at dei vil vere med å skru av eller dempe lyset i sine bygningar.

Blant dei mest kjende bygga er Slottet, Stortinget, Operaen, Holmenkollen skibakke, Nidarosdomen, Fredriksten festning i Halden, Stavanger konserthus, Akvariet i Bergen og Svalbard globale frøkvelv.