Tar ikkje attval som leiar i Unge Høgre

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tar ikkje attval som leiar

– Det er studiesituasjonen som vart utslagsgivande. Eg har brukt såpass lang tid på utdanninga at dersom eg skulle tatt ein periode til som leiar, måtte eg kombinert det med studium. Det meiner eg ein ikkje kan gjera med dette vervet, det krev 100 prosent innsats, seier Sandøy til Dagbladet.no.

Sandøy seier avgjerda om å slutta ikkje har noko å gjera med narkotikaavsløringane i ungdomsmiljøa i Bergen, som også har berørt Unge Høgre-miljøet.

Unge Høgre opplevde solid vekst i medlemstalet i fjor. Kvart tiande medlem er innmeldt det siste året. Totalt 5497 medlemmer betalte kontingent i ungdomspartiet i fjor. Det er ein auke på 559 – eller 11,9 prosent – frå året før.