– Som eit pavebesøk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Henning H. Bergsvåg, grunnleggjar av Poesidigg som er ein månadleg poesifest på Café Opera med poetar frå inn- og utland, gler seg til årets Audiatur.

– Poesi kan sjåast på som forsking, då blir dette som ein konferanse der ein kan få nye impulsar frå resten av verda, seier Bergsvåg.

– Audiatur er høgtid
I Bergen har er det mykje å gå på for poesiinteresserte, men Bergsvåg meiner at Audiatur er viktig for poesimiljøet i Bergen og tilføre noko nytt.

– Audiatur er høgtid. Det er litt som eit pavebesøk. Festivalen er heilt nødvendig for poesi-miljøet i Bergen, og den er på mange måtar alt ein kan drøyme om, seier Bergsvåg.

Han fortel at poesipublikumet i Bergen er stort og dei har tiltru til Audiatur. Paal Bjelke Andersen som saman med Karl Larsson er kurator på festivalen, håpar årets festival fell i smak.

– Eg håpar folk tenkjer det blir veldig bra, seier Andersen.

Mest seriøse i Norden
I år er det tolv verk som er invitert, og ikkje diktarar slik det ofte plar vere. Dette seier Andersen at dei har gjort for å flytte merksemda frå diktar til verk og få til ein kollektiv samtale med publikum.

– Vi får mogelighet til å gå djupare inn i dei enkelte verka og la dei spela seg ut mot og med kvarandre. Og så prøver vi å leggje til rette for at det skal vere ein festival som i større grad enn før trekk inn publikum. Om vi lukkast får vi til en tre dagar lang utveksling mellom verka og publikum, seier Andersen.

Bergsvåg tykkjer det er originalt og unikt at dei inviterar verk, og ikkje diktarar.

– Det er mykje fokus på forfattarane i dagens samfunn, ein må ikkje gløyme kva det eigentleg handlar om. Tilnærmingsmåten til Audiatur er ideell, og det er den mest seriøse poesifestivalen i Norden. Det er mange festivalar som blir oppløyst i musikk og viser, seier Bergsvåg.

Politisert poesi
På årets program er det både nasjonale og internasjonale diktarar, i tillegg til biletkunstnarar og aktivistar. Andersen fortel at det har skjedd noko dei siste åra med korleis ein les poesi og kva det kan vere.

– Dei siste åra har mykje av kunsten, eller i det minste lesinga av den, blitt meir politisert. Verka på festivalen og måten vi organiserar han på i år gjenspeilar denne auka politiske merksemda.

Han fortel at programmet har blitt til etter to år med lesing og diskusjon.

– Programmet er snarare eitt av fleire mogelege svar på diskusjonane våre enn eit forhandlingsresultat, seier Andersen.

LES SAKA I STUDVEST!

Faktaboks

AUDIATUR
– Starta opp i 2003 og er ein festival for ny poesi.
– Går frå 3. til 5. april på Bergen Kunsthall. 
– Har i år invitert verk og ikkje diktarar.
– På programmet er blant anna «The Bartender» av Jason Dodge, «Atlanterhavet Vokser» av Julie Sten-Knudsen og «Imot Kunsten» av Tomas Espedal.