– Regjeringa skuffar om stemmerett
Framleis vil det berre vera kring 20 kommunar som får stemmerett for 16-åringar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Regjeringa har avgjort at berre rundt 20 kommunar skal få delta i forsøk med røysterett for 16-åringar under valet i 2015. Dette er stikk i strid med tilrådingane LNU har kome med sidan forsøket i 2011.
– Me er skuffa over at regjeringa ikkje har høgare ambisjonar. Før valet i 2011 søkte over 140 kommunar om å få delta i forsøket, og berre 20 vart plukka ut òg då. LNU meiner at for å få eit breiare erfaringsgrunnlag, noko òg departementet ynskjer, er det naudsynt med så mykje data som mogleg. Difor bør dei kommunane som ynskjer det få delta i forsøket, seier Stian Seland, ledar i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU).
Dersom regjeringa insisterer på at det berre skal vere 20 kommunar med i forsøket, er det heilt naudsynt at store kommunar blir vald ut, meiner LNU.
KOMMENTAR: Høyr på Kongen – la dei unge få påverka
– Oslo har allereie uttalt at dei ynskjer å delta i eit forsøk med røysterett for 16-åringar. Med berre 20 kommunar i forsøket, vil store kommunar, som Oslo, vere nøkkelen til å få eit breiare erfaringsgrunnlag, seier Seland.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet inviterer kommunane til å søkja om å delta i forsøk med stemmerett for 16-åringar ved kommunevalet neste år. Søknadsfristen for kommunane er 1. juni.
LES OGSÅ: Slutten på demokratiet?